Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Poengdeling for J15 i serieåpninga i Haugesund

Klikk på bilete for full storleik
Trio sitt jentelag like etter kampslutt i Haugesund tysdag kveld
 
J15, 1. div Rogaland, Djerv 1919 - Trio 1-1 (1-0).

Det var ein skadefri og kampklar gjeng på 15 jenter som tirsdag tok turen til Djervbanen i Haugesund for serieåpning. Etter ein sjanserik kamp på ei ny kunstgras matte som var veldig glatt, enda vi opp med eitt poeng, men hadde nok fortent alle 3.
 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av Malene
Det nye kunstgraset på Djervbanen såg veldig flott ut, men i alle fall med regn framsto den unaturlig glatt og det oppsto ein del merkelege situasjonar grunna dette. Jentene blei nok litt usikre på underlaget, muligens i kombinasjon med noko premierenerver, og sleit med å komma opp på nivået dei har vist at dei har inne. Vi har likevel fleire store sjanser og både Julie og Cecilie burde med litt meir ro sendt oss i føring på svært åpne sjanser. I staden er Djerv effektive og går opp i 1-0, litt mot spel og sjanser. Etter dette jevner det seg litt ut og 1. omgang sett under eitt er nokolunde jamn.
 
Klikk på bilete for full storleik
Synna var 'overalt' og banens beste i dag
Det åpnar relativt jamnt første 10 av andre og, det bølgar litt fram og tilbake. Men gradvis spelar vi meir og meir ball og produserer sjanse på sjanse. Siste halvtimen dominerer vi fullstendig og heimelaget er kun på sjeldne visittar på vår halvdel. Det ligg mål i lufta og endeleg sitt den då Julie kjem gjennom og avsluttar høgt. Den gode keeperen til Djerv er på denne og, men den dett heldigvis - og fullt fortent inn i nota. Vi kjører på videre og både Synna, Julie, Ida og Cecilie er farlig frampå utan å lukkast. Det ebbar dermed ut med poengdeling, noko kampens gode dommar Oddgeir Søllesvik etter kampen meinte var 2 for lite for Trio etter spel og sjanser.
 
Klikk på bilete for full storleik
Cecilie viste mykje bra på høgrevingen
Ein middels prestasjon av jenter i stor framgong, men vi tar med oss poeng frå bytur og må vera nøgde med det. Alle står på med flott innsats og då kan ein ikkje be om meir:-). Synna var banens beste i dag frå sentral midtbaneposisjon, dominerte stort til lenger uti kampen vi kom. Ellers viste Cecilie friske takter på høgrekanten og var involvert i mykje framover. Malene var trygg og god i målet og hadde noken gode redningar på Djerv skot. Annie og Sophie var med frå J14 i dag og klarte seg begge godt eitt år opp.
 
Klikk på bilete for full storleik
Julie scorar nesten i alle kampar, det blei eitt i dag og:-)
Dritgøy å vera på tur med denna flotte gjengen igjen. Eit fantastisk humør på heimvei, der dei uoppfordra drog allsang til både YMCA og Country Roads (!!??). Trudde ikkje 15-åringar spela slik musikk:-)
 
Laget i dag:
Malene Heimvik, Malin Lygre, Ingeborg S. Hagan, Ariana Quam, Linnea Eide Rusten, Cecilie Medhaug, Ida Lygre, Synna H. Gjerding, June Marie S. Bjelland, Emma S. Meling, Julie S. Ersland, Astrid Borgen, June S. Hammer, Sophie Mehri, Annie Kloster.
 
 
Kristine, Stig og Per Einar:-)
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart