Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Litt juling

Klikk på bilete for full storleik
 
Treningskamp Trio G13-Trio G14. Vi på G13 hadde ein oppløftande treningskamp mot dei eitt år eldre gutane for to veker sidan. Vår klasse er 9arfotball, men vi hausta erfaring i spel på full bane og meistra det overraskande bra og klarte langt meir enn venta å stå i mot motstandaren sitt press. I går vart det langt tøffare.
 
G14 gjekk ut i høgt press og stressa oss frå start, og dei fekk tidleg utteljing. Først ved Odin, så ved Daniel, som elles utan tvil var kampens store spelar. Han herja langs høgrevingen og skapte haugevis med gjennombrot. Vi vart pressa langt ned på eigen halvdel og vi klarte ikkje å flytte beina nok og fort nok på midten. Dermed vart alt trykket mot forsvaret vårt og vi kom oss sjeldan ut. Rett nok hadde vi ein kjempesjanse heilt i starten, der Vegar kunne sendt oss i føring. 
 
Men førsteomgangen vart altså som vi frykta første kampen skulle bli, men kanskje trudde vi var i stand til å unngå denne gongen. G14 trilla mykje ball og vi kom sjeldan oppi. Kjekt elles å sjå G14 sin fokus på å spele seg ut, halde ballen i laget og gjere kvarandre gode. Det gjeld det å halde fast ved også mot sterkare motstand. Eirik la på til 3-0, medan vi fekk letta litt meir på trykket då Mohammed A. kom inn på midten. Han la ned manns jobb og var vår bestemann, forutan ein suverent god Martin i mål.
 
I andre omgang klarte vi også å kjempe oss litt meir inn i det. Gutane bretta ermene litt ekstra opp og ville meir. Det hjalp nok også på moralen at Sander reduserte tidleg etter eit fint gjennomspel frå Mohammed A. Sander er rask og ein god avsluttar og det skulle vi gjerne fått utnytta meir i kampen. G14 svara med tre nye mål, eitt av Bendik og to av Abdul, som vart stadig vanskelegare å stoppe utover i kampen.
 
Ny redusering av oss etter ein flott enkeltprestasjon av Mohammed A, som klaska ballen opp i hjørnet frå skrått hald. Odin scora G14 sitt siste på straffe, før vi fann ut at det var siste målet vinn som gjeld. Elias gjorde forarbeidet og Sander prikka inn eit flott langskot. Dermed 3-7 favør dei store. Eit ok resultat, men kampen var ikkje all verda frå vår side. Det var den derimot av G14, som var veldig gode og fort kunne scora mange fleire mål.
 
På måndag blir det ein anna type kamp, når vi utfordrar kvikke G12 til ny dyst. Så satsar vi på nokre kampar mot G13 Valen før påske. Og når heilagdagane er unnagjort, så er det minsanten seriestart! Våren er i anmarsj!

Kampfakta frå Kvednabekkjen

Trio G13-Trio G14 3-7 (0-3)
0-1 (2 minutt) Odin Tofte
0-2 (9 minutt) Daniel Morstad
0-3 (23 minutt) Eirik Sørstrømmen
1-3 (38 minutt) Sander Wang
1-4 (43 minutt) Abdulqadir Mohamed
1-5 (46 minutt) Bendik Aarthun
1-6 (60 minutt) 
Abdulqadir Mohamed
2-6 (56 minutt) Mohammed Aljajan 
2-7 (60 minutt) Odin Tofte (straffe)
3-7 (63 minutt) Sander Wang
 
Dommar: Are Ulseth
 
Trio G13 sitt lag: 
Martin Fjeldstad Smith, Mathias Veastad, André Nordøy, Abdisalan Zekeriye, William Heggøy, Sander Wang, Noah Smith, Brage Ripel Harsvik, Tristan T. Thorsen, Brage Kvandal, Vegar Seljelid Joleik, Elias Ulbi, Mohammed Aljajan, Mohamed Zekeriye.
 
Trio G14 sitt lag:
David Probert, S
ondre Vågen Eikenes,
Erling Opsanger-Tveit,
Johannes Eide Myklebust,
Adrian Vimme,
Eirik Hellesen Tømmervik,
Ishmael Soosainather, Bendik Aarthun,
Abdulqadir Mohamed, Odin Tofte, Daniel Morstad, Eirik Sørstrømmen, 
Elias Sætrevik, Jonas Helland.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart