|
A jour | | | | | Treningskamp G13: Trio 2 (Husnes) - Trio 1 (Valen) 1-2. Valegutane fekk revansje i målprotokollen etter at vi slo dei på Zinken cup i Odda for to veker sidan. Begge kampar var jamnspelte og denne gongen vippa det i favør Trio 1. | | | Vi starta kampen bra og hadde eit visst tak på spelet. Ein del sjansar skapte vi utan å lukkast, og det meste kom via ein opplagt Vegar på høgrevingen. Men vi klarte ikkje å få heilt tak i på eitt av Valen sitt beste angrepsvåpen, ball i bakrom der Sander skjærer inn frå venstrevingen. Han er både rask og ein god avsluttar og slik fekk valegutane 0-1 etter knappe kvarteret. Kort etter la same mann på til 0-2.
| | | Likevel var det vi som skapte mest. Vegar kom på ny rundt på høgre og Noah var på plass framom mål, utan å få nok dreis på avslutninga. Men først etter vel halvtimen vart det mål av det. Elias gjekk av to mann og spelte vidare til Mohammed, som dundra reduseringa i hjørnet. 1-2 til pause.
| | | Også i andre omgang var det vi som skapte mest framover. Same resept som i første, banens bestemann Vegar rundt på høgre og inn til Mohammed, som skaut via keeper og i stolpen. Nokre fine opprullingar frå eine sida til den andre fekk vi også til. Elias og Vegar med kvart sitt skot i nettveggen. Og på ny flott forarbeid av Vegar, som serverte Elias framom mål. Skotet vart blokkert og Abdi dundra returen like over. Så var det Mohammed sin tur med ein kanon frå langt hall, som ein strålande keeper Andreas fista rett over tverrliggaren.
| | | Ein skulle tru det måtte bli mål snart. Gunnar vendte spelet med ei herleg pasning og Vegar var gjennom. Men Andreas klarte til og med å redde med ryggen til. Corneren nikka Elias like utanfor.
| | | Vi trykka hardt på mot slutten, men i dei siste minutta var det valegutane som var nærast scoring. Først redda Martin då Fredrik kom åleine gjennom, og så varta han opp med ei dobbeltredning då det var Sander sin tur åleine gjennom. Og kampen vart avslutta med ei herleg redning av Martin i full strekk på ein susar frå Fredrik.
| | | I periodar bra angrepsspel frå oss, men ein del å gå på i å få trygghet i igangsettinga bak. Det kjem. Valen var heldige og hadde berre ein innbyttar. Sjølv hadde vi 4 (og i tillegg var 3 stk ikkje med i dag), så vi er sjeleglade for at vi har meldt på to lag i seriespelet. Då må vi satse på å nøye oss med to innbyttarar i dei fleste kampane.
Kampfakta frå KvednabekkjenTreningskamp G13: Trio 2 (Husnes) - Trio 1 (Valen) 1-2 (1-2) 0-1 (12 minutt) Sander Wang 0-2 (15 minutt) Sander Wang 1-2 (32 minutt) Mohammed Aljajan
| | | Dommar: Sigurd Nilsen | | | Trio 2 (Husnes) sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, Michael Løland, Andre Nordøy, Edvard Andre Ingvaldsen Nessestrand, Vegar Seljelid Joleik, William Heggøy, Mohammed Aljajan, Brage Kvandal, Noah Smith, Håkon Georg Røssland, Elias Ulbi, Gunnar Eikemo Steine, Abdisalan Zekeriye.
| | | Trio 1 (Valen) sitt lag: Andreas Eikemo Ersland, Julian Avsnes Saue, Emil Solheim, Andri Sigthorsson, Thomas Prestnes, Tristan Thorsen, Brage Ripel Harsvik, Sander Wang, Fredrik Saghaug, Anders Vangsnes.
| | | - Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |