Poengdeling for damelaget |
 | | Triodamene hadde heile 22 spelarar tilgjengeleg til første heimekamp på 12 år. Foto: Carina Wangensten. |
|
| |
| 5.divisjon damer: Trio-Loddefjord2 1-1. Bortelaget kom med ein tynn stall, men dei var gode dei som kom. For vår del er stallen alt anna enn tynn. Heile 22 spelarar hadde meldt seg klare til kamp. Dermed måtte diverre 4 sjå kampen frå tribuna. I lag med særs mange andre, vi kunne notere om lag 80 tilskodarar. |
| |
 | | Duellsterke Siren Njøs er ikkje lett å kome forbi. Foto: Hanne Larsen. |
18 spelarar i troppen er i utgangspunktet ofseleg mykje, men i varmt påskevær var det også godt å kunne rotere mykje, sjølv om det gjer det vanskeleg å få kontinuitet i banespelet. I starten tok vi i allefall bra tak i kampen og pressa fram balltap for bortelaget på deira eigen halvdel. Christine M fekk ein god sjanse tidleg, då ho kom gjennom på høgrevingen og skaut litt for svakt. Meir av det! |
| |
Christine var også involvert då vi gjekk i føring før 10 minutt var spelt. På ni kom ho gjennom på høgresida og eit flott innlegg fann Aria inne framom mål. Når ein mottek ballen på motstandarar sin femmeter, så er det berre galne fotballhjernar som Messi og Aria sine som tenkjer 'ja, no skal eg lobbe'. Men lobben var perfekt utført og datt vakkert ned i målet. 1-0! |
| |
Vi heldt koken vidare og Aria og Rebekka var friske på topp. Fleire nestenmoglegheiter då Loddefjord vart stressa til balltak. Nærast var Rebekka på ein dobbeltsjanse etter at ho sjølv dribla seg fri. Fortent 1-0-leiing etter første halvdel av førsteomgangen. |
| |
 | | Evigunge Christine Solheim Fjelland med god kontroll bak. Foto: Hanne Larsen. |
Men så tok Loddefjord over. Siste 20 minutta før pause var dei best og dei viste at dei har fleire gode spelarar som aspirerer opp på førstelaget i 3.divisjon. Den beste av dei er sågar kaptein på førstelaget og spelte i fjor 2.divisjon for Fyllingsdalen. Ein særs god spelar som vi sleit med å demme opp for, der ho strødde om seg med klassepasningar frå sentral midtbane. Ein del sjansar vart det også, men som oftast kom keeper Erna ut og rydda opp på gjennomspela. Loddefjord hadde vel to store sjansar, men mange nesten. 1-0 sto seg til halvtid. |
| |
Så klarte vi å heve oss igjen frå starten av andre. Vi hadde mange midtstopparar tilgjengeleg i dag og kunne då bruke nokre opp på midten også. Selma var forrykande god både som stoppar og midt i dag, ho får dagens bestemannspremie. |
| |
 | | Varmt i solsteiken på Kvednabekkjen på tampen av påska. Foto: Hanne Larsen. |
Men utover i omgangen kom Loddefjord sterkare også i andre. Og for dei få som ikkje hadde fått med seg Loddefjord sin klassespelar på midten fram til då, så hamra ho ballen i nota frå 25 meter kvarteret før slutt. Erna sto litt langt ute på den, men varta opp med ei strålande redning på eit nytt langskot kort etter. Det var Loddefjord som trykka mest på mot slutten og vi som var mest nøgde med uavgjort då kampens stødige dommar blas av. Greit det, Loddefjord er nok blant seriens betre lag. |
| |
For vår del: Vi har ein del å gå på når det gjeld kondis og løpskraft. I tillegg må vi jobbe meir med angrepsspelet. Vi må klare å utnytte meir det vi har av tempo, ta tidlegare initiativ og spele meir i rom enn på fot. Men det kjem. |
| |
Neste helg er det bortetur til Eidsvåg. Kampfakta frå Kvednabekkjen5.div damer: Trio-Loddefjord2 1-1 (1-0) 1-0 (8 minutt) Aria Haugsdal 1-1 (76 minutt) Lina Forthun |
| |
Tilskodarar: Om lag 80 Dommar: Annika Guddal, Rosendal Ingen kort. |
| |
Trio sitt lag: Erna Mikkelsen, Cecilie Håvik, Christine Solheim Fjelland, Selma Kvalheim, Siren Njøs, Mariel Musland Madsgård, Kristine Enæs Medhaug, Emma Heggøy, Rebekka Røen, Christine Musland Madsgård, Aria Haugsdal, Luwam Kahsay, Sofia Televik, Madel Holmedal Gjerding, Sara Landa, Nadine Morstad, Mia Høydal, Helene Vågen Eikenes. |
| |
- Assistenttrenar Are Ulseth |
| |
| |
|
|
|