|
Skjebnens ironi |  | | Fjorårets lagbilete av Husnesgjengen. Årets foto kjem på torsdag. Nye drakter med ny sponsor! |
| | | | G13: Trio 1 (Valen) - Trio 2 (Husnes) 3-4. Valegutane er normalt sterke på daudballar, så også i dag, då vi gong på gong sleit med Trym sine herlege servar og vår eigen motvilje til å dekke i feltet. Det kosta oss også to baklengs før pause. Som ved ein skjebnens ironi var det akkurat på corner vi avgjorde kampen, då Abdisalan steig til vers og skalla ballen kontrollert stang inn. Ein heldig siger for vår del, for i dag var spelet ikkje så mykje å skrive heim om. | | | Vi starta kampen forferdeleg tafatt. Våre treningskompisar frå Valen fekk styre alt av spel og vinne alt av duellar. Vi var knapt til stades og utruleg tafatte. Så også på Valens første av mange gode cornerar. Trym har ein knallgod innleggsfot og han fann Tristan framom mål. Han var det i allefall ingen av oss som fann, for han fekk stå mutters åleine. Vi utlikna då Mohammed drog seg fri og sendte av garde eit hardt skot langs bakken, men det tok ikkje lang tid før vi var ute å køyre igjen. Trym gav varsel om fare på ferde då han skrudde ein corner i vinkelen og ut, før han serverte neste corner rett på hovudet til Anders, som fekk stå enda meir åleine enn Tristan på den forrige. Valen i ny føring med 2-1, veldig fortent. Men så klarte vi etter kvart å ta oss litt saman. Gunnar serverte to gonger fine innlegg til Brage, som fekk stikke gjennom åleine mot keeper. Første vart korrekt avblåst for offside, og på den andre var det valekeeper Andreas som avblåste scoringsjubel med ein flott parade. Men vi tok i allefall litt over spelet og fekk auka innsatsen ein del. Noah vendte spelet fint mot venstre, der Vegar avslutta like over. Ny sjanse då Noah og Abdi kombinerte med fint veggspel og innlegget nesten nådde Vegar. Likevel, det vart 2-2 på straffe ved Mohammed kort før pause. Meir enn vi fortente. Ikkje så mykje skryt å få i pausen, men sjansen for å få gehør i gjengen for at vi kan både spele og jobbe betre forsvann då kampverten kom med ei skål frukt. Det var betydeleg meir interessant. Noko stor betring etter pause var det difor ikkje å vente.Men det som hadde hjulpe, var å sette innpå innbyttarane Abdi og Jonas ti minutt før pause. Jonas bidrog godt med solid duellspel og igangsetting på backen, medan Abdisalan verkeleg var i storslag i dag. Han framsto som kampens store spelar og tok tak i kampen på midtbanen. Fekk til mykje godt samspel med Noah og Mohammed, og samstundes byrja Vegar og Brage få til sine kombinasjonar på hi sida. Likevel, eit framspel frå Emil sendte Sander åleine gjennom og då var Valen for tredje gong i føring. Trym hadde også ein god sjanse då han kom fri på høgresida. Det skulle ta lang tid før vi kom a jour igjen. Men ein del sjansar klarte vi å skape. Vegar var brått åleine på straffemerket, men Andreas varta opp med ei kjemperedning. Så også då Noah drog til på halv volley. I andre enden varta Martin opp med ei perleredning på Sander sin volley, og Anders dundra ballen i vinkelen og ut så målet framleis står og dirrar. Kampen sto og vippa, og til slutt var det vi som skulle få utteljing. Ein herleg flikk frå Vegar og Noah smelte til på direkte, ein susar i hjørnet. Og fem minutt før full tid kom sigersmålet. Sjokkerande nok på corner, der banens bestemann Abdisalan steig til vers som ein luftballong og nikka ballen utagbart i nota. Abdi starta på benken i dag då han har vore litt lite på trening i det siste, men han kunne melde at han hadde hoppa mykje på trampolina i hagen. Det viste seg å betale seg til fulle. Oh well, ein jamn kamp, som alltid når vi møter Valen. Vi var litt heldige i dag. Gutane får vera nøgde med resultatet. Det er ikkje underteikna sin fokus, men hadde gjerne sett vi fekk til meir av kva vi øvar på på trening. Det kjem på torsdag, når Rubbestadneset kjem på besøk. Eit nytt bekjentskap for oss, det blir gøy!
G13: Trio 1 (Valen) - Trio 2 (Husnes) 3-4 (2-2)
1-0 (7 minutt) Tristan Thorsen 1-1 (12 minutt) Mohammed Aljajan 2-1 (17 minutt) Anders Vangsnes 2-2 (32 minutt) Mohammed Aljajan (straffe) 3-2 (37 minutt) Sander Wang 3-3 (58 minutt) Noah Smith 3-4 (64 minutt) Abdisalan Zekeriye Dommar: Marius Quam, Halsnøy Andreas Eikemo Ersland, Julian Avsnes Saue, Emil Solheim, Thomas Prestnes, Tristan Thorsen, Brage Ripel Harsvik, Sander Wang, Anders Vangsnes, Joar Langeland, Fredrik Saghaug Eikeland, Trym Svellingen Hammer, Magnus Henriksen. Trio 2 (Husnes) sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, Michael Løland, Andre Nordøy, Håkon Georg Røssland, Vegar Seljelid Joleik, Noah Smith, Mohammed Aljajan, Gunnar Eikemo Steine, Brage Kvandal, Jonas Hjelmeland Naterstad, Abdisalan Zekeriye.
| | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |