|
Årsbeste av J15 sikra solid 4-0 siger mot Sveio |  | | Nøgde jenter på Trio J15 etter at årets første siger er i boks! |
| | | J15, 1. div Rogaland, Sveio - Trio 0-4 (0-1).
Det var eit heiltent Trio-lag som onsdag tok turen til Sveio i jakta på årets første 3-poengar. Når det i tillegg kjem etter strålande spel, var det berre å sikta bilane inn på McDonalds på Heiane for å feira ein svært god prestasjon. | | |  | | June Marie er i storform og putta i tillegg 2 fine mål i kveld | Sveio var langt frå noko svakt lag. Dei har slått Bremnes 3-2 og scora 8 mål på dei 3 første kampane sine. I kveld slapp vi dei til kanskje 1 sjanse om vi legg godviljen til. Vi produserer 10-15 sjansar, men klarer ikkje punktere før midtvegs i andre omgang. | | |  | | Ida åpna scoringskontoen i Trio-drakta i kveld |
Vi startar med medvind og heile 1. omgang er spel mot eit mål, med nokre sporadiske besøk på vår halvdel. Spesielt Julie og Cecilie har store sjansar, men det vil seg ikkje mot ein god keeper. Til slutt tek June Marie ansvar frå indreløpar posisjon. Ho tar ned ball på ca 25m, drar elegant av 2-3 Sveio spelarar og sett ballen kontrollert i hjørna til ein usedvanleg fortent ledelse til Trio. Vi rullar opp angrep på angrep og imponerer med god presisjon og flotte kombinasjonar. Her kom veggane tett ein periode:-). Keeperen til Sveio held heimelaget inne i kampen og sørgar for at det berre står 0-1 halvvegs. | | |  | | Flott andre omgang og viktig 2-0 scoring av Emma |
Masse skryt i pausen og eit par bytter. Vi er og enige om å senka presset i motvinden i andre omgang. | | | Med vinden i ansiktet og tidleg skade på Julie (ankel, røntgen på Stord etter kamp, ikkje brot) kunne kampbildet fort endra seg om vi ikkje stod opp i kampen. Dette gjorde jentene imidlertid til gagns. Dette ville dei ta og litt typisk for det er då at vi avgjer kampen på 2 dødballar, der Emma og June Marie sett inn kvar sitt mål etter corner og god duellering i felt. Ida har hatt noken muligheter i seriestarten og i kveld kom endelig målet. Ho bestemmer seg frå ca 30m at NO er det min tur. Et voldsomt rykk og vips vekk med eit noko flatt forsvar. Åleine med keeper gjer ho ingen feil med venstre og sett sluttresultatet til 4-0 til våre jenter. | | | Ein ekte lagsiger der vi får betalt for at vi er blitt såpass flinke med ball i laget - og tør å bruke dette også i kamp. Har mangla litt på det å tørre i dei 2 første, men i dag løsna det skikkeleg. ALLE var opp mot sitt beste i dag, herlig jenter! | | | Neste mulighet no er 1. mai, heime mot Nord. | | | Laget i dag: Malene, Astrid, Ariana, Ingeborg, Linnea, Cecilie, June Marie, Synna, Ida, Malin, Julie, Emma, June, Sophie. | | | | | | | | | Kristine, Stig og Per Einar:-) | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |