Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Litt for slapt

Klikk på bilete for full storleik
For ein gjeng... Trio G13-2 og -3 sesongen 2019. Her manglar kun ein sjuk William Heggøy. Bak frå venstre Mathias Veastad, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Mohammed Aljajan, Abdisalan Zekeriye, Martin Fjeldstad Smith, Andre Nordøy, Gunnar Eikemo Steine, Mohammed Zekeriye. Framme frå venstre Vegar Seljelid Joleik, Brage Kvandal, Noah Smith, Michael Løland, Håkon Georg Røssland, Elias Ulbi, Jonas Hjelmeland Naterstad.
 
G13: Trio3-Rubbestadneset 2-6. Vi har litt utfordringar med å skjøne at dei fleste fotballkampar avgjerast av arbeidsinnsats. Dei som spring mest og vinn flest duellar, vinn som regel i kampen. Det var dagens dyst mot Rubben eit godt døme på. Hadde vi bretta opp ermene litt meir og sprunge meir, så skulle vi absolutt vore på talefot.
 
I første omgang går det meste veldig fredeleg for seg nesten utan sjansar i nokon av endane. Vi prøver heile tida å spele oss ut bakifrå og får til mange kombinasjonar på små flater. Særleg frå høgresida med Noah, Andre, Abdi, Mathias og Mohammed A involvert. Men det vart som regel med småspelet og tok for lang tid før vi prøvde å bryte gjennom motstandaren sitt forsvar. Dermed få sjansar. Nærast då Brage kom fri på venstre og la hardt inn bakom forsvaret, der Vegar nesten nådde fram på blankt mål. Brage fekk også ein god sjanse med høgreslegga etter pasning frå Abdi. Keeper redda og skal vera glad Brage ikkje fekk den på venstre :)
 
Bakover hadde vi stort sett kontroll. Dog var det med ein viss risiko nokre gonger og på ein slik kom spissen heilt åleine gjennom og sette inn 0-1. Og rett før pause kom 0-2 då vi igjen var veldig ute av posisjon. Men totalt sett heilt jamnt i spel, dog litt for daft.
 
Heller ikkje i andre omgang fekk vi opp tenninga og arbeidsinnsatsen. Det var farlegare då Rubb gjekk i angrep enn kva vi klarte å få til. Midt i omgangen avgjorde bortelaget kampen med to raske scoringar. Etter det klarte vi å ta oss saman og fekk meir fart offensivt. Abdi reduserte på ein corner, før Elias og Brage nesten lukkast etter fint veggspel. Så vart Elias gjennomspelt av Vegar, men keeper redda meisterleg til corner. Mohammed med ein susar, ny god redning. Det gjekk unna i perioden og då Mohammed Z frispelte Mohammed A på venstresida, kom ny redusering. 2-4.
 
Nokre sekunder med håp om ein dugeleg sluttspurt, men i neste angrep tapte vi 5 duellar på rad, og då blir det lett mål i mot. Kort etter kom også 2-6, då ein av våre serverte motstandaren med eit tullete hælspark i farleg posisjon.
 
Nei, dette tapet kan vi berre laste på oss sjølve. Fortente poeng til bortelaget, som viste fram litt meir glød og vilje. Hadde vi fått til det, skulle vi vore fullt på høgde.
 
Neste veke er det internduell Trio2 mot Trio3. 

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G13: Trio3-Rubbestadneset 2-6 (0-2)
0-1 (26 minutt) 
0-2 (35 minutt)
0-3 (49 minutt) 
0-4 (53 minutt) 
1-4 (57 minutt) Abdisalan Zekeriye
2-4 (62 minutt) Mohammed Aljajan
2-5 (63 minutt) 
2-6 (68 minutt) 
 
Dommar: Torstein Olderkjær
 
Trio sitt lag: 
Michael Løland, Noah Smith, Andre Nordøy, Gunnar Eikemo Steine, Mathias Veastad, Abdisalan Zekeriye, Mohammed Aljajan, Mohammed Zekeriye, Elias Ulbi, Vegar Seljelid Joleik, Brage Kvandal.
 
- Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart