|
Bortesiger for damene |  | | Trio damelag sesongen 2019. Foto: Carina Wangensten. |
| | | 5.div damer: Eidsvåg-Trio 1-3 (0-2). Triodamene tok ein solid siger borte mot Eidsvåg søndag ettermiddag. Kjekt med ein stor stall, for sjølv med ein del fråver, var det ingen problem å få full buss, med Rune Høydal bak rattet. Trio gjekk friskt ut og tok ei tidleg leiing, som dei aldri gav frå seg.
| | | Kampen opna med at Trio tok førarsetet og skapte ein del sjansar. Første målet kom etter vel ti minutt, og det andre ikkje lenge etter, men også før det hadde det vore nokre sjansar som ein ikkje lukkast på. Difor ei fortent 0-2-leiing før kvarteret minutt var spelt. Begge måla notert av storscorar Aria. | | | | | | Og Trio heldt fram med mykje god fotball og gode kombinasjonar. Eidsvåg er nok ikkje sterkaste laget i serien, men det var uansett å sjå at vi fekk meir tryggleik i banespelet enn i dei første kampane. Første omgang var fullt og heilt Trio sin. | | | Noko jamnare etter pause, dels av di sentrale spelarar måtte ut med småskader. Aria pådrog seg ein liten strekk i låret og både Ida og Rebekka måtte også ut. Lynkjappe Rebekka var banens beste i dag, og får ein del juling av motstandaren som kjem for seint inn i duellane. Men innbyttarane sto godt på og med 0-3 ved Aria midt i andre omgang, var sigeren ikkje truga. | | | Eidsvåg fekk eit trøystemål etter eit litt for laust tilbakespel, men klarte ikkje å kome med noko sluttspurt. På tampen var Rebekka innpå igjen, og var sååå nære å få nettkjenning. Skotet gjekk på innsida av stolpen og rulla langs streken bak keeper. Men kampen slutta med 1-3-siger. | | | Neste helg kjem Baune på besøk til Husnes. Kampfakta frå Eidsvåg idrettsplass5.div damer: Eidsvåg-Trio 1-3 (0-2) 0-1 (12 minutt) Aria Haugsdal 0-2 (13 minutt) Aria Haugsdal 0-3 (70 minutt) Aria Haugsdal 1-3 (85 minutt) | | | Trio sitt lag: Erna Mikkelsen, Siren Njøs, Kristine Enæs Medhaug, Selma Kvalheim, Cecilie Håvik, Beate Vimme, Ida Eikeland Stensletten, Sofia Televik, Christine Musland Madsgård, Rebekka Røen, Aria Haugsdal, Nadine Morstad, Helene Eikenes, Vilde Eide Rusten.
| | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |