Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kvednabekkjen: No går det på fram!

Klikk på bildet for full størrelse
No tek Kvednabekkjen til å ta form. Oppå pukklaget skal leggjast eit 10 cm gruslag.
 
Det skjer raskt no, på Kvednabekkjen. Onsdag var pukklaget lagt ut og torsdag startar truleg utlegginga av berelaget med sand. Onsdag kveld kom også dei to første trailarane med sand og gummigranulat som skal leggjast i kunstgraset.
 
Klikk på bildet for full størrelse
Onsdag kveld kom første lasta med sand og gummi. Oddmund Røssland lossar big-bagane.

Den store haugen med pukk var ferdig utlagt på onsdag. Pukklaget har ein storleik på 32- 64 mm . Torsdag startar truleg utlegging av berelaget som har ein korning på 0- 16 mm . Mit ut i neste veke skal berelaget vera ferdig lagt, og i slutten av den veka kjem arbeidslaget som skal asfaltera ut mot murane som går rundt banen.

Oppå berelaget blir det lagt geoduk før kunstgraset vert rulla ut. Kunstgraset kjem i rullar på 4 meter breidde. Det kjem 30 slike rullar. Graset skal rullast ut frå side til side. Kvar rull er om lag 68 meter .

Onsdag kveld kom dei to første trailarane med sand og gummigranulat. Det kjem 8 trailarar til før vi har fått nok sand og gummi. Den fine sanden skal jobbast ned i botn på kunstgraset, om lag 2 cm tjukne. Gummiganulaten leggjast oppå sanden, den og i om lag 2 cm tjukne. Når gummigranulaten er ferdig utlagt, er banen ferdig og kan takast i bruk straks.

Banen er ferdig merka med med kvite strekar for full banestorleik. Det er merka for hjørnene for to 7-ar banar. 7-arbanane skal merkjast med spraymaling.

Medan dette arbeidet pågår, skal Trio setja opp gjerde og byggja tribune.

Offisiell opning vil truleg finna stad søndag 11. juni. Meir om opninga seinare.

- Svein R.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart