Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Intern serieduell

Klikk på bilete for full storleik
 
G13: Trio2-Trio3 2-8. Vi har i år tre lag i same serie i G13-klassen. Medan valegutane utgjer Trio1, er det vi på Husnesgjengen som bemannar lag 2 og 3. I dag var det intern duell, og vi hadde lånt med 5 stk frå G12 for å vera nok. Det trengtest, for vi fekk nokre fråver.
 
Dette er første året med poeng og tabell for oss og ein del av gutane er kolossalt opptekne av dette. Sidan lag 2 hadde vunne sin første kamp, meinte nokre det var best om dei vann i dag og, slik at dei kom opp i 6 formidable poeng før april var over. Slikt tenkjer vi trenarar ikkje på og vi hadde delt i det vi meinte var to jamne lag. Og det var lag 3 som stakk av med ein overraskande klår siger.
 
I første omgang var lagets eldstemann og minstemann, Elias, til stor plage for motstandarforsvaret. Han noterte seg for dei 4 første måla til lag 3, som i periodar viste bra spel og klarte å presse dei raudkledde bakover. Kevin reduserte, og sidan han hadde Rosenborg-drakt under Triodrakta, så er han vel ganske unik. Ikkje mange RBKarar som har scora i år :D
 
Mohammed la på til 1-5. Brage var nære ei redusering med ein susar av eit frispark i vinkelen. Men ut igjen, og rett i nasen på søskenbarnet Michael, så nasablodet fossrann. Godt det var det siste som skjedde før pause.
 
Trio3 byta litt om midtvegs. Gunnar overtok keeperhanskane og Elias fekk ei ny oppleving i livet: høgreback! Trio 2 starta best i andre, men klarte ikkje få ballen i mål. Kevin til dømes, hadde vel 3 stolpetreff gjennom andreomgangen. I staden la Mikaeel på to gonger og Mohammed ein. Men, som alltid er det siste målet vinn, og Kevin noterte seg for sitt andre då han reduserte til 2-8. Langt meir ujamnt i målprotokollen enn i spel, men Trio3 vann på at dei klarte å løfte arbeidsinnsatsen frå sist kamp. Mohammed og Abdi gjorde godt defensivt arbeid på midten, men bestemannspremien går til midtstoppar Marcus, som gjorde mange kloke valg. 
På lag 2 gjorde Martin ein strålande kamp i mål.
 
Då er neste dyst årets første skikkelege bortetur, til Bremnes på søndag.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G13: Trio2-Trio3 2-8 (1-5)
0-1 (5 minutt) Elias Ulbi
0-2 (19 minutt) Elias Ulbi
1-2 (21 minutt) Kevin Kvernenes
1-3 (23 minutt) Elias Ulbi
1-4 (30 minutt) Elias Ulbi
1-5 (31 minutt) Mohammed Aljajan
1-6 (44 minutt) Mikaeel Soosainather
1-7 (52 minutt) Mikaeel Soosainather
1-8 (54 minutt) Mohammed Aljajan
2-8 (57 minutt) Kevin Kvernenes
 
Dommar: Sigurd Nilsen
 
Trio 2 sitt lag: 
Martin Fjeldstad Smith, Noah Smith, Andre Nordøy, William Heggøy, Kevin Kvernenes, Håkon Georg Røssland, Jonatan Dale, Brage Kvandal, Troy Voster.
 
Trio 3 sitt lag: 
Michael Løland, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Marcus Gravdal Totland, Gunnar Eikemo Steine, Vegard Seljelid Joleik, Mohammed Aljajan, Abdisalan Zekeriye, Mikaeel Soosainather, Elias Ulbi.
 
- Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart