|
J15 med storsiger mot Nord |  | | Storsiger for J15 mot Nord |
| | | J15, 1. div Rogaland, Trio - Nord 8-0 (6-0).
Ein bra første omgang av jentene la grunnlaget for ein klar siger mot gultrøyene fra Nord. Andre omgang blei som den ofte blir med 6-0 til pause, svakare. Den blei og prega av ein kne-skade på Emma, vår andre skade på ei veke. | | |  | | God kamp av Astrid:-) | Vi snakka om i garderoben at vi skulle gå utpå og ta kommandoen og bestemma på vår heimebane. Dette gjorde jentene verkeleg og begynte umiddelbart å produsera sjansar.
| | |  | | 2 fine mål av Sophie fra venstrekanten! |
Det var spesielt på høgresida det skjedde mykje, der Cecilie var i perlehumør og dreiv backen til Nord til fortvilelse gong etter gong. Den sitt endeleg etter 18 minutt for Cecilie, etter å ha hatt 2-3 store sjansar før det. Siste 15 av første omgang er vi verkeleg bra og scorar 5 fine mål. Fleire etter strøkent angrepsspel med flotte kombinasjonar og mange trekk. Cecilie puttar på 2 til, Sophie (på sin første berøring), Synna og Emma setter kvar sitt. Dei fleste etter angrep frå høgre, med ein svært aktiv Cecilie i hovudrolla.
| | |  | | Emma scora eit fint mål før ho var uheldig og vart skada i kneet |
Pauseprat med frukt og masse skryt, der formaninga er at vi må fortsetta å spele i lag, ikkje begynne å gå solo.
| | |  | | Sunde jentene Cecilie og Synna dominerte i dag og sto og for 5 av måla |
Andre omgang blei dessverre prega av akkurat det, vi prøver litt for mykje åleine. 2 flotte mål scorar vi likevel. 7-0 målet startar med igangsetting fra Jenny til Astrid. Frå midtbanen spelar vi fri Cecilie på kant som drar seg til dødlinja for trettende gong i kampen. Innlegget kjem motsatt kant Sophie perfekt inn på og sett kontrollert i nota på lengste stolpe. Flott mål! Like før slutt fastset Synna sluttresultatet til 8-0 då ho drar seg innover i banen frå venstre og avsluttar kontant i langhjørnet til keeper.
| | | Best på Trio laget i dag var Cecilie, tett fulgt av Synna med 2 mål og ein stor defensiv jobb med noken enorme returløp.
| | | Dessverre fekk Emma seg ein ny smell i kneet sitt. Fryktelig trist, vi får bare håpa at det ikkje er så alvorleg og at ho blir med oss igjen så snart som mulig:-).
| | | Takk til kampvert Bjørn Bjelland Mathisen og dommar Åsmund Mehl frå Rosendal som sporty tok jobben då vi sleit med å få tak i dommar:-)
| | | Neste kamp no er Karmøy-tur på tirsdag, motstandar er Vedavåg/Skudenes.
| | | Laget i dag: Malene, June, Ingeborg, Ariana, Linnea, Cecilie, June Marie, Synna, Ida, Malin, Emma, Astrid, Sophie og Jenny.
| | | Kristine, Stig og Per Einar
| | | |
| | |
| | | |
| | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |