Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Måtte bli mållaust

Klikk på bilete for full storleik
Trio damelag sesongen 2019. Foto: Carina Wangensten.
 
5.div kvinner: Trio-Baune 0-0. Ikkje alle 0-0-kampar er sjansefattige og typiske for sorten, men dagens dyst på Kvednabekkjen var så pass sjansefattig at det ikkje kunne bli stort anna enn mållaust.
 
Med samtlige 3 målvakter i stallen utilgjengelege og jentekeeperen i eigen konfirmasjon, var rådyra relativt gode. All ære til Helene Eikenes og Luwam Kahsay, som tappert tok ansvar for hanskane i kvar sin omgang. Og begge kom særs solid frå det, godt hjulpe av eit stødig forsvar framfor seg. Nullen var aldri i fare.
 
Men elles manglar det ikkje på folk. I desse konfirmasjonstider var det også fleire fråver, men likevel hadde vi 16 spelarar til kamp. Kjekt! Vi gjekk også ut og tok tak i kampen frå start. Sofia fyrte av første skotet, men ein stødig Baunekeeper var på plass. Så spelte Christine M gjennom Aria, men ho vart hindra akkurat i siste liten. Og Ida skaut utanfor då ho vart sendt fri på venstre.
 
Klikk på bilete for full storleik
Elisabeth sender fri Christine på kant. Det skulle vi gjort oftare. Foto: Hanne Larsen.
Vi såg det var moglegheiter på kantane, der våre vingar hadde meir tempo enn motstandaren sine backar. Men for sjeldan klarte vi å sette opp desse, slik at ein særs stødig Baunekaptein og midtstoppar klarte å springe opp dei fleste tilboda. Dette skulle vi utnytta betre, for utover i omgangen skapte vi stadig mindre. Defensivt hadde vi dog stålkontroll.
 
0-0 midtvegs og vi snakka om å utnytta kantane våre betre i rom og å risikere noko meir framover. Det fekk vi lite til i andre omgang, som vart særs sjansefattig i begge endar. Einaste underteikna har notert på blokka var eit skot frå Cecilie frå 25 meter.
 
Baune fekk nokre overgangar i siste halvdel av omgangen, men direkte farleg framom mål vart det aldri. Kampen ebba mållaus ut. Vår beste spelar i dag var Sofia, som i lag med Selma tok godt tak om midtbanen. Kreative Sofia strødde mykje fine pasningar rundt seg. Trekkjer i tillegg fram Cecilie, som blir stadig tryggare på backen. Og i midten bak var Kristine og Christine utilnærmelege.
 
Neste helg er det bortetur til Sund/Skogsvåg. Då må vi ha mål!

Kampfakta frå Kvednabekkjen

5.div damer: Trio-Baune 0-0
 
Tilskodarar: Om lag 50
Dommar: Svein Arild Kjærland, Trott
Ingen kort.
 
Trio sitt lag:
Helene Eikenes, Beate Vimme, Christine Solheim Fjelland, Kristine Enæs Medhaug, Cecilie Håvik, Christine Madsgård, Sofia Televik, Selma Kvalheim, Ida Eikeland Stensletten, Emma Heggøy, Aria Haugsdal, Luwam Kahsay, Mia Høydal, Vilde Eide Rusten, Elisabeth Hansen Eide, Malin Saug.
 
- Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart