Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tøff kamp på Sotra

Klikk på bilete for full storleik
Trio damelag sesongen 2019. Foto: Carina Wangensten.
 
5.divisjon kvinner: Sund/Skogsvåg-Trio 5-1. Damelaget tok turen til Hald stadion, sjølv om ikkje FK Hald eksisterer lenger. Men det gjer i høgste grad Sund/Skogsvåg, og dei var eit hakk for store for våre jenter.
 
Klubbane ligg tett på Sotra og etter etableringa av Sotra SK for ei god handfull år sidan, så eksisterer ikkje Hald lenger. Men på Hald stadion spelar Sund SK heimekampane sine. Dei har dog ikkje anna jentelag i klubben enn dette damelaget, som er eit samarbeidslag med Skogsvåg, som er klubben som satsar på jentefotball. I praksis er dette laget juniorspelarar frå Skogsvåg og litt eldre damer frå Sund i ein fin miks. 
 
Ikkje ulikt oss, som er ei fin blanding av fjorårets Trio-jentelag, Halsnøy sine juniorar og ispedd nokre damer som har runda 20. Men i motsetnad til vårt nystarta lag, så hadde Sund/Skogsvåg i fjor lag i 4.divisjon, noko som endte med nedrykk. Til dagens bortetur hadde vi ein del fråver grunna skader, konfirmasjonar og anna, men likevel ingen problem med å mønstre 15 damer på tur.
 
Klikk på bilete for full storleik
Dusj før kamp.
Ein våt opptakt til kampen, då vatningsanlegget på kunsgrasbanen vart  skrudd på rett i fleisen på oss under oppvarminga. Vi vart pressa bakover i starten av eit velspelande og bevegeleg heimelag, som fekk utteljing etter kvarteret. Eit godt skot som Katrine slo i stolpen, og spissen var først framme på returen.
 
Vi samla oss etter dette, sjølv om heimelaget førte spelet. Vår beste sjanse kom då Emma vann att ballen 30 meter frå mål og spelte fram Rebekka, som skaut like utanfor langhjørnet. I staden vart det 2-0 på eit langskot.
 
I pausen hadde vi von om å heve oss med vinden i ryggen. I staden kom 3-0 tidleg då Kristine var hardbar og lagde straffe. Ti minutt etter reduserte vi, då Nadine vart felt ved daudlinja. God serve av Sofia og kontant i feltet av Kristine.
 
Men heimelaget var sterkare også etter pause og fekk to mål til, først då spissen sklitakla ballen i mål og så på nok eit langskot. På tampen kunne Emma redusert då ho kom åleine gjennom, men god redning av keeper. Dermed slutta det 5-1. Selma var vår beste spelar i dag, den vetle jenta ruvar i midtforsvaret.
 
Neste kamp er også borte, mot Østsiden-Askøy om to veker.

Kampfakta frå Hald stadion

5.div kvinner: Sund/Skogsvåg-Trio 5-1 (2-0)

1-0 (13 minutt)

2-0 (33 minutt)

3-0 (51 minutt)

3-1 (59 minutt) Kristine Enæs Medhaug

4-1 (64 minutt)

5-1 (71 minutt)

 
Trio sitt lag: 
Katrine Yri Røssland, Siren Njøs, Selma Kvalheim, Kristine Enæs Medhaug, Mia Høydal,  Beate Vimme, Ida Eikeland Stensletten, Sofia Televik, Emma Heggøy, Luway Kahsay, Rebekka Røen,  Sunniva Ljone Solfjell, Vilde Eide Rusten, Helene Eikenes, Nadine Morstad.
 
- Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart