Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

J15 vart robba på høglys dag av Falkeid

Klikk på bilete for full storleik
Trio J15 vart frarøva poenga på heimebane mot Falkeid
 
J15, 1. div Rogaland, Trio - Falkeid 1-2 (1-2).

Falkeid låg ett poeng føre oss på 4. plass før kampen i dag. Med Emma (skade) og June Marie (sjukdom) ute, var vi nede i elleve egne jenter og 2 medhjelperar i Sophie og Jenny frå J14. Det førte og til noko omrokkering i Trio-laget som var ubesigra i sine 4 siste kampar. Rekka burde definitivt vore forlenga etter dagens kamp etter spel og sjansar, men det var dagen då ballen ikkje ville i mål for Trio jentene.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ariana nøytraliserte storscoraren til Falkeid på ein glitrande måte
Vi er før kampen klar over at Falkeid er eit lag som scorar mykje og slepp inn mykje (snitt 5-3 pr kamp før kampen). Vi visste og at laget har ein spiss og lagkaptein som bøtter inn mål og har scora rundt 20 mål på dei 6 første kampane. Den delen av jobben klarar vi med bravur då Ariana er på spelehumør og leverer stopparspel på svært høgt nivå. Fantastisk bra kamp av Ariana i dag og banens beste. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Solid kamp av Linnea!
Då var det andre halvdel av jobben, scora mål. Vi produserer rundt 15 STORE målsjanser, men tok ein 'Brann' i dag og scora kun eit mål. Bare 5 siste minutta av første omgang kunne vi scora 4 mål. 2 sølvfat fra Cecilie frå høgrekanten og dødlinja, ein i stolpen og ein i tverrliggar.
 
Klikk på bilete for full storleik
Synna la ned enormt med jobb på midtbanen i dag
 
Det er surt, men vi får bare akseptera at i dag var 'one of those days' der det ikkje var meininga at vi skulle få mål. Viktig då å sjå på det positive som er at vi holder stjernespelaren til Falkeid vekke frå målprotokollen, samt at vi faktisk kjem oss til så mange store sjansar som vi gjer. Med normal uttelling begge vegar hadde vi vunne denne kampen minst 6-3. 
 
Det som må jobbast med i det offensive er å stole på vårt eget samspel fullt ut. Vi blir utålmodige når vi ikkje får uttelling på sjanser og det blir mykje at ein og ein skal prøva bryta gjennom i andre omgang. Hadde vi fortsatt å spele som siste 5 av første hadde det garantert blitt fleire mål. Det andre er at vi må jobba med å holda roen i avslutningane, tenka meir plassering enn kraft når vi er nære mål. Det har vi vore flinke til, så det blir litt back to basic:-).
 
Best på Trio laget i dag syns vi Ariana, Synna og Linnea var, mens Cecilie glimta til med flott spel på høgresida innimellom.
 
Søndag er det bortekamp i Sauda og 9ar kamp. Då kan det bli øving både i samspel og avslutningar:-)
 
Laget i dag:
Malene, June, Ingeborg, Ariana, Malin, Cecilie, Ida, Linnea, Synna, Astrid, Julie, Sophie og Jenny.
 
 
Kristine, Stig og Per Einar:-)
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart