Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

God første, ingen utteljing

Klikk på bilete for full storleik
Trio damelag sesongen 2019. Foto: Carina Wangensten.
 
5.div kvinner: Østsiden Askøy-Trio 3-1. Damelaget tok turen til Askøy søndag i det som var venta å bli eit jamnt oppgjer. Og det vart det. Før pause hadde vi også flest sjansar, men totalt var eit solid Østsidenlag eit hakk betre.
 
Østsiden starta sesongen med tre tap, noko som skuldast stor andel av russ og mykje fråver, men i det siste har dei vist at dei nok høyrer heime på øvre halvdel. Så også i dag. Men vi gjorde ein god førsteomgang og forutan to gode angrep på høgresida, samt scoring då spissen brukte neven til å ta ballen forbi vår utrusande keeper, så hadde vi god kontroll defensivt.
 
Framover gjorde Kristine ein stor jobb på topp, i fråver av toppscorar Aria. Nærast var ho då Rebekka vrengte eit innlegg bak forsvaret, men skotet gjekk rett utanfor. Det gjorde den og då ho drog seg fri på vel 20 meter, og på to store sjansar på corner. Den tredje av Sofia sine gode cornerservar, la Luwam ned til Rebekka, som fekk skotet blokkert på målstreken.
 
Rebekka herja på høgrekanten før pause og hadde to store sjansar sjølv, i tillegg til å mate medspelarane med gode innlegg. Men mål fekk vi ikkje.
 
1-0 til pause og dårleg start på andre omgang. Vi gjorde nokre endringar, som fall dårleg ut. Og heimelaget fekk tidleg 2-0, på ein overgang vi berre nesten klarte å demme opp for. Litt meir vilje...
 
Langt svakare andreomgang av oss og færre sjansar. Emma og Selma hadde våre beste tilbod, men i staden fekk Østsiden 3-0 på straffe. Då hjalp det ikkje med gjennomløp og scoring av Mariel heilt på tampen. Alltid surt å tape, men Østsiden var betre enn tabellen tilseier. Best for oss i dag var Rebekka, med ein strålande førsteomgang.
 
Neste helg er det heimekamp mot serieleiar Vestsiden-Askøy, som i følge dagens motstandar er fullt mogleg å slå.

5.div kvinner: Østsiden Askøy-Trio 3-1 (1-0)

1-0 (22 minutt)

2-0 (49 minutt)

3-0 (84 minutt) straffe

3-1 (89 minutt) Mariel Musland Madsgård

 
Trio sitt lag: 
Erna Mikkelsen, Siren Njøs, Selma Kvalheim, Christine Solheim Fjelland, Christine Musland Madsgård, Sofia Televik, Mariel Musland Madsgård, Elisabeth Hansen Eide, Emma Heggøy, Kristine Enæs Medhaug, Rebekka Røen, Malin Saug, Luwam Kahsay, Helene Eikenes, 
 
-Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart