Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Klar siger på middels dag for J15 mot Sauda

Klikk på bilete for full storleik
Trio J15 vann 6-1 borte mot Sauda søndag
 
J15, 1. div Rogaland, Sauda 9ar - Trio 1-6 (0-1).

Trio jentene brukte søndagen på årets lengste reise til bortekamp, då Sauda var motstandar. Sauda spelar 9ar i serien, noko uvant for våre jenter, 2 år sidan siste 9ar kamp. Jentene brukte då og ein omgang på å rista av seg bilturen og venna seg til den noko mindre banen og litt uvante roller. Varmt var det og, med innlagte drikkepausar i begge omgangar. Etter ein brukbar andre omgang stod Trio likevel til slutt igjen med ein klar siger.
 
Klikk på bilete for full storleik
Dagens Trio jente blei June etter ein super kamp!
Planen vår å stressa Sauda med høgt og aggresivt press og ta enkle valg med ball når vi vann denne. I opningsomgangen fekk vi ikkje til mykje av dette, vi sleit med å roe ned og etablera spel når vi vann ballen. Vi skapte 3-4 store sjansar og Julie setter ein av desse ganske langt uti omgangen. Positivt at vi kollektivt spelar bra defensivt og Sauda slepp ikkje til ein einaste målsjanse.
 
Klikk på bilete for full storleik
Julie var tilbake i scoringsform med 3 i dag!
I pausen er det frukt og inntak av vatn. Vi etterlyser endå meir ro og enkle valg med ball.
 
Klikk på bilete for full storleik
Halsnøyjentene Malin og Ida blir stadig bedre i Trio trøya
Det betrar seg siste 40 minutta. Vi spelar oftare når vi skal og utfordrar og i 'rettare situasjonar'. Då kom måla også. Cecilie auka til 2-0 etter å ha drilla 2-3 på høgresida og avsluttar kontant i hjørna. Tredje målet kjem etter det spelet vi etterlyser. Kombinasjonar mellom fleire, enkle valg og vipps er Julie gjennom og 3-0. Godt å sjå! Malene får ca 25min som utespelar etter å ha holdt buret reint til då. Ho er aggresiv og god då ho sett inn 4-0 og 5-1, redusering til Sauda i mellom der. Julie avsluttar ballet med å heada ein flott corner frå Ida kontant i nota.
 
June spelte ein flott kamp i dag og vant utlova sportlunsj sjokoladen som dagens Trio jente. Ho har ein egen ro med ball og gjer alltid enkle valg. Dette smitta over på fleire og bidrog til at vi fekk til meir av 'vårt spel'. Julie er 'på hugget' og setter 3 i dag. Malene er effektiv og puttar 2 på få sjanser. Ingeborg var god å ha i midten bak. Ekstra ros også til Astrid som tok ein tørn i målet for Malene og gjorde sakene sine meget bra:-).
 
Trio jentene er no på 4. plass av 11 på tabellen med 14p på 8 kampar. Vi har 2 heimekampar igjen, neste veke lokaloppgjer mot Bremnes og deretter Haugar 2 veka etter.
 
Laget i dag;
Malene, Ariana, Ingeborg, Malin, Cecilie, Synna, June Marie, Ida, Julie, June, Astrid, Linnea.
 

 
Stig & Per Einar:-)
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart