Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Festfotball av J15 då Bremnes vart slått 7-1

Klikk på bilete for full storleik
Trio J15 spelte sin beste kamp nokon gong og banka Bremnes heile 7-1 mandag kveld!
 
J15, 1. div. Rogaland, Trio - Bremnes 7-1 (3-0).

Etter tap, uavgjort og siger mot Bremnes i fjor og som naboar på tabellen før kampen, venta vi ein tøff og jamn kamp mot gultrøyene i kveld. Jamnt var det i ein halv omgang i motvind. Siste timen spelar imidlertid jentene fotball av høg klasse og leverer sin beste kamp til dato. Det gjorde sitt til at Bremnes måtte reisa heim med eit 6-måls tap.
 
Klikk på bilete for full storleik
Julie scora 4 på rad i kveld!
Vi ønska å stå høgt frå start, men det viste seg å vera litt vanskeleg då vi hadde til dels kraftig motvind i første omgang. Vi begynner likevel svært bra og produserer 2 store sjansar heilt i starten av kampen. Deretter kjem Bremnes meir med og svarar med å produsera 2-3 store sjansar i medvinden. Altså heilt jamnt første 25 minutta. Då får vi frispark litt skrått høgre frå ca 22m. Ida får jobben med sin gode skuddfot og legg den vakkert opp i lengste hjørnet. Dette verkar å gje voldsom sjølvtillit, for bare 3min etter setter Cecilie inn 2-0 og 4min etter det serverer Ida Julie på blank goal frå dødlinja til 3-0. Ein meget bra siste halvdel av omgangen bidreg til ein klar 3-0 ledelse ved halv tid.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ida og Malin spelte begge 2 sin beste kamp i rød drakt mot Bremnes!
I pausen vankar det skryt for at vi gradvis spelar meir og meir ball og produserer sjansar og mål. Vi er enige om å stå endå høgare i presset i medvinden etter pause og stå etter med heile laget i presset.
 
Klikk på bilete for full storleik
Synna dominerte stort på midtbanen frå si litt djupe rolle
Omgangen er 40 sekund gammal når Julie sett inn sitt andre til 4-0. Det meste føregår no på Bremnes sin halvdel og presset fungerer perfekt. Sidebackane står etterkvart godt inne på Bremnes sin halvdel og vi får brudd etter brudd i gunstige posisjonar. Meget bra jenter!! Julie er i støtet i dag og sett og 5-0 før Bremnes kjem på ein sjeldan visitt. Flott gjennomspel bak Ariana til spelar på løp og avslutning i hjørnet utagbart for Jenny som tar siste 20 i buret for Malene. Julie var ikkje heilt ferdig for dagen og gjer sitt fjerde til 6-1. Sophie avsluttar ballet med ein flott avslutning i langhjørnet til 7-1. Utover måla er det mange store sjansar, blnat anna har både Julie og Cecilie ein kvar i stolpen i andre omgang. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Kaptein Ingeborg hadde bra kontroll bak
Einaste vi slit med i dag er 'tellefeil' i forsvar der midtforsvaret vårt blei liggande 2 mot 2 relativt ofte. I slike situasjonar må vi få back inn og kant ned, evt trekke ned ein midtbanespelar. Greit å ha noke konkret å ta tak i på treninga torsdag:-)
 
Ein fantastisk god kamp av laget! Heile gjengen bidreg med kollektivt god defensiv jobbing, og alle er innstilte på å gjere enkle valg med ball og gjere seg spelbar på ny. Utruleg kjekt å sjå når ein får dette til i kamp, slik jentene ofte får det til på trening. Ein EKTE LAGSIGER!!
 
Då er jentene oppe i 17 poeng på 9 kampar. Dette gjev minst 5. plass og fornya plass i 1. divisjon til hausten for andre året på rad. Bravo jenter!!
 
Siste vårkamp er torsdag 13/6 heime mot Haugar 2.
 
God dommar var Kristian Steinsvik frå Rosendal.
 
Laget i dag;
Malene, Malin, Ingeborg, Ariana, Linnea, Cecilie, June Marie, Synna, Ida, Astrid, Julie, June, Sophie, Jenny.
 

Kristine, Stig, Per Einar (imponerte på sidelinja:-))
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart