Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Close, but no cigar

Klikk på bilete for full storleik
 
G13: Trio2-Stord3 2-4. Det vart ein jamnspelt og spanande kamp i G13-klassen på Kvednabekkjen fredag kveld. Dette var siste heimekamp for vårsesongen og det kunne vippa både to og tre vegar, før stordinga punkterte mot slutten.
 
Stord starta kampen best og pressa oss bakover, og dei fekk også tidleg 0-1. Men etter det fekk vi løfta oss og i gong litt meir pasningsspel. Midt i omgangen utlikna vi også. Mohammed var god i dag og han vann ballen inne på Stord sin halvdel. Elias overtok, gjekk av ein mann og vi får nok i fleire veker framover høyre av han kor langt opp i vinkelen det skotet sat :)
 
Men Adam hoppa ikkje paradis særleg lenge, for litt kommunikasjonssvikt bak og Stordspissen snappa kula og sette inn 1-2. Men vi gav oss ikkje. Elias spelte fri Vegar, som var berre ein flott keeperparade frå å utlikne. Det klarte i staden Mohammed, etter at Vegar gjorde forarbeidet. Skot frå særs skrått hald, men den suste inn i langhjørnet. Ein annan som var på hugget i dag var Gunnar og han fekk to gode sjansar etter corner. Den første var ein kanon frå 20 meter og hadde fortent ein betre skjebne enn at keeper fekk fista ballen over.
2-2 til pause. Greit nok, her ville innsatsen avgjere.
 
Og det var tett og spanande gjennom det meste av andreomgangen. Gunnar var nærast for oss med eit skot i nettveggen etter forarbeid av Elias, og i motsatt ende leverte Martin to kjemperedningar. 2-3 kom litt unødvendig midt i omgangen, men dette sto og vippa. Mohammed med eit skot i utsida av stolpen. 
 
Mot slutten tok vi litt meir sjansar og då avgjorde Stord med 2-4 på ei kontring. Rett etter tredde Abdi gjennom til Michael på høgrekanten. Han skar inn, men nok ei flott redning av Stordkeeperen. Dermed ebba kampen ut med 2-4. Trass tap, ein kjekk og spanande kamp mot ein positiv og jamnbyrdig motstandar.
 
No ventar siste vårkamp, borte mot Stord 2 på tysdag. Det er hakket tøffare, men ikkje umogleg.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G13: Trio2-Stord3 2-4 (2-2)
0-1 (6 minutt) 
1-1 (16 minutt) Elias Ulbi
1-2 (18 minutt) 
2-2 (23 minutt) Mohammed Aljajan
2-3 (50 minutt) 
2-4 (66 minutt) 
 
Dommar: Hallvar Saghaug
 
Trio sitt lag: 
Martin, Michael, Andre, Gunnar, Vegar, Noah, Mohammed, Mathias, Elias, Håkon, William, Abdisalan.
 
- Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart