Trio J15 til Sør Cup til helga |
 | | J15 deltar på Sør Cup frå lørdag 22/6 |
|
| |
| Trio sitt 15-års lag for jenter har valgt Sør Cup deltaking i år. Etter Haugesund og Regy Cup som 13-åringar og Bø Sommarland Cup i fjor som J14, går turen i år til Kristiansand. Her får ein kombinert spel på banar av svært høg standard, med sosialt samvær i forhåpentlig fint sørlandsvær. |
| |
 | | Astrid fekk seg ein smell i siste seriekamp, men er forhåpentlig klar for kamp om kula i Kristiansand! | Klassen J15 tel totalt 10 lag og Trio verkar å ha komt i den tøffaste pulja. Her er litt om kampane og laga ein skal møta: |
| |
 | | Linnea har vist fin stigning i vår og gler seg til cup i Kristiansand |
Lørdag kl. 08.00: Trio - Kvelde IL. Denne går på gamle ærverdige Kristiansand Stadion, altså naturgras. Kvelde kjem frå Vestfold, der dei ligg på 7. plass i 'J15 avd C'. Noko uklart kva nivå dette tilseier, men her bør det vera gode muligheter for våre jenter om dei klarar våkna til fotballspel på denne tida av døgnet:-). |
| |
 | | Cecilie har vore involvert i mange mål i vår, vi håpar på det held fram på årets cup for J15 |
Lørdag kl. 15.00: Trio - Vindbjart. Denne spelast på kunstgras like ved Kristiansand Stadion. Vindbjart er frå Vennesla og ligg heilt i toppen av 1. divisjon Agder. Dette blir nok ein tøff kamp og potensielt ein nøkkelkamp i forhold til å klara ein plass i A-sluttspel (2 beste). |
| |
Søndag kl. 09.00: Trio - Bønes. Denne går på sjølvaste Sparebanken Sør Arena! Bergenslaget Bønes har vore blant dei beste i Hordaland siste sesongane og vant nylig 1. divisjon Hordaland suverent med full pott på 8 kampar. Dei verkar kanskje som det beste laget i heile klassen og blir ei STOR utfordring. Blir spennande å møta eit så godt lag på ein slik stadion! |
| |
Søndag kl 13.10: Trio - Asker SKK Hvit. Denne går også på Sør Arena, altså 2 av 4 kampar på Start sin heimebane. Noko anna enn skeive og ujamne bakkar på Ekeberg:-). Asker SKK stiller 2 lag i klassen (hvit og svart). Asker har 1 lag i 1. divisjon (7. plass av 8) og eit i 2. divisjon (4. plass av 9). Kan nok og vera med og kjempa om avansement til eit A-sluttspel. |
| |
Skulle ein klara A-sluttspel er det spelefri mandag og semifinale tirsdag. Sluttspelskamp i eit eventuelt B-sluttspel går mandag. |
| |
Dette blir spennande og kjekt, vi gler oss til avreise etter skule fredag! |
| |
Her er det berre å setja på vekkarklokker og følga med på Liveoppdatering frå kl. 08.00 lørdag morgen:-). |
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
| |
|
|
|