|
J15 med full pott etter dag 1 av Sør Cup! |  | | J15 kan jubla etter 2 sigrar og full pott på dag 1 av Sør Cup |
| | | | Sør Cup, 2019:Trio sitt J15 har unnagjort 2 av 4 kampar i puljespelet i årets Sør Cup. Det har dei gjort med bravur med 13-1 siger mot Kvelde IL og 5-0 mot Vindbjart. I morgon ventar 2 kampar på sjølvaste Sparebanken Sør Arena som vil avgjera om det vert A- eller B-sluttspel for jentene. | | |  | | Cecilie leverte ein kruttsterk første dag i Kristiansand | Første kamp var mot Kvelde IL, allerede kl. 08.00 på ærverdige Kristiansand Stadion, som bydde Sør Cup deltakarane på ei strøken og nyklipt matte som vanlig. Kvelde bestod hovedsakleg av 14-åringar, kun 2 stk 2004-modellar. Burde nok basert på dette spelt J14 då ein har lov å ha med 2 overårige. Det blei ihvertfall einvegskjøring i 2 x 25min og etter 9-0 til pause tok vi av Julie for kvile og satte Synna i mål så Malene fekk delta litt i spelet ho og. Det enda til slutt med 13-1 siger og ein god start på turneringa for våre jenter.
| | |  | | Ida var på hugget og scora i begge kampane i dag |
Neste kamp er mot eit antatt sterkt lag frå Vennesla, Vindbjart. Dei knivar til dagleg om 1. plassen i 1. divisjon Agder med Flekkefjord. Jentene spelar kanskje sin absolutt beste kamp til dags dato og levnar ikkje det lokale laget ein sjanse. Det står 0-0 til pause etter ein omgang i motvind der deiras keeper er banens beste og gjer mange gode redningar. Det er likevel berre tidsspørsmål før scoringa skal komme og Cecilie lukkast endeleg tidleg i andre. Då sett ho like godt ein til like etter og deretter lobbar både Ida, Julie og Synna inn kvar sitt slik at det til slutt endar med komfortable 5-0. Vindbjart klarer ikkje skapa ein einaste målsjanse mot oss på 50 minutt, etter svært godt kollektivt forsvarsspel av Trio laget og ein duellstyrke vi ikkje har sett makan til før i laget. Då blir det fort bra og dette lukta det svidd av, imponerande jenter!
| | |  | | Astrid var positiv på kant og scora mot Kvelde |
I morgon tidleg ventar ei veldig stor utfordring, då skal vi opp mot Bønes på Sparebanken Sør Arena kl 09.00. Bønes har vore klart best i Hordaland krets siste året og vann nettopp 1. divisjon J15 Hordaland utan poengtap. Kjekt å sjå kva vi kan klara her:-). Det heile kan nok bli avgjort i siste oppgjer mot Asker som og går på Sør Arena, denne kl. 13.10. Skulle ein klara A-sluttspel, går semi på tirsdag. B-sluttspel, så blir det spel mandag.
| | | I kveld er det cupshow på Torget i Kristiansand:-)
| | |
| | | Kristine, Stig og Per Einar
| | | |
| | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |