|
Dramatisk og spennande på Sør Arena då J15 sikra semifinale i A-sluttspel i Sør Cup |  | | J15 jublar på Sør Arena etter å ha sikra A-sluttspel |
| | | J15, Sør Cup, dag 2;
Jentene hadde 2 relativt tette kampar på sjølvaste Sparebanken Sør Arena søndag. Jevnt, spennande og dramatisk då jentene 20 sekund før slutt sikra seg billett til A-sluttspel og semifinale tirsdag. | | |  | | Begge dagens kampar vart spela på mektige Sparebanken Sør Arena | Ført skulle vi opp mot laget som siste året har vore det klart beste i årsklassen i Hordaland krets. Laget slo blant anna Rosendal 7-0 i vår og har vunne 1. divisjon utan poengtap. Dei har til og med ein J14 landslagsspelar på laget, noko vi sjølvsagt unngjekk å fortella jentene før start:-).
| | |  | | Linnea i fokus i dag, flott jobb mot Bønes og frisparkmål mot Asker frå nesten 40m! |
Vi legg oss lavt i presset og ser kjapt at dette er eit bra lag. Men jentene gjer seg aldri utan kamp, kliner til i duellane og sett seg kjapt i respekt hos dei suverene jentene frå Bergen. Første omgang er relativt jevnspelt. Det glipp ein gong då ei klarering kun finn vegen til ei Bønes jente og like etter er dei gjennom åleine og sett 1-0 tilsides for Malene. Vi slepp elles Bønes til veldig lite gjennom kollektivt og godt forsvarsarbeid. Vi er på nokon nesten-visittar sjølve og, men skapar lite mot eit svært ballsikkert og velspelande lag. 0-1 til pause og masse skryt til gode jenter.
| | |  | | Søskenbarna Lygre trivdes godt på Sør Arena. Malin med sin beste kamp i Trio trøya mot sterke Bønes, Ida matchvinnar mot Asker. |
Landslagsspelaren, som Linnea gjorde ein kjempejobb mot, skjer gjennom tidlig i andre og doblar ledelsen. Ikkje lenge etter kjem Julie seg fri skrått høgre, skjerer inn og sette den over keeper til redusering. Bønes kjenner seg litt pressa, men ror til slutt i land ein siger som opplagt må seiast å vera fortent, men ein mektig innsats av våre som jentene kan vera svært stolte av. Flott jobba av heile laget, ekstra pluss til forsvarsfiraren som spelte ein glitrande match, samt til Malene for flott keeper spel.
| | |  | | Ingeborg har storspelt under Sør Cup |
Då var det 3 timar med kvile, mat og drikke før avgjerande kamp mot Asker. Etter at østlendingane hadde dunka Vindbjart heile 9-0 på morgonkvisten, var det klart at Trio måtte vinna siste kampen for å bli 2 i pulja og sikra A-sluttspel. Vi vel då å gå 'all-in' og i strupen på Asker frå start. Ein glimrande omgang i ultra høgt press og gjenvinningar høgt i banen. Det vart med eit frispark frå Linnea frå 35-40 meter som ho løftar heile vegen inn og over målvakt. Hadde ikkje vore noko å sei på om ledelsen hadde vore på 2-3 mål til pause.
| | | Vi får ein verst mulig start på andre omgang då Asker på eit innlegg frå venstre får lurt ballen bak Malene til ein noko ufortent utligning. Vi slår umiddelbart tilbake då Cecilie kjem seg heilt fri og serverer Ida på sølvfat '45 ut'. Ida tok dessverre ein 'Løkberg' (Brann mot FKH) og Asker slepp med skrekken. Dette verkar å ta litt av lufta ut av Trio jentene som no byrjar bera preg av det harde kjøret frå start. Asker overtek initiativet og har eit par farlege sjansar som stryk like utanfor. Men vi slepp med skrekken og maktar å mobilisera til ein sluttspurt siste 5. Julie blir tatt 2 gonger i denne fasen og siste er like før slutt og 10 cm utanfor 16m skrått høgre. Ida har satt noken frispark i vår og var hevnlysten etter bommen tidlegare. Ho løftar ballen i lengste hjørnet over keeper og ein enorm jubel både på tribune og benk. Dommar bles av like etter avspark - og sigeren og A-sluttspel var sikra for flinke og tøffe Trio jenter. Som vi seie, 'dåke e sabla goe'!
| | | Spelefri i morgen:-). Deretter semifinale kl. 11.30 på Kristiansand Stadion (gras) tirsdag. Onsdag blir det også spel, enten finale eller bronsefinale:-).
| | |
| | | Kristine, Stig og Per Einar | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |