Friidrett: Imponerande pretasjonar |
I helgas gjekk Stavanger Marathon av stabelen. Det fungerer også som NM i Marathon og difor har solid deltaking (over 1600 løparar). Her var 4 Trioløparar med. Og dei leverte sterke prestasjonar. |
|
I herreklassen hadde Terje Nes 31.beste tid med imponerande 3.25.02 på fullmarathon, noko som er i underkant av 5 minutt på kilometeren. Eit særs jamnt og godt disponert løp der han klatra godt oppover på lista utover i løpet og til slutt var nr 6 av 26 startande i klasse 45-49 år. Terje deltok også i fjor og betra seg med 5 minutt i dagens løp. |
|
Gunnar Vaage sprang på 3.48.22, på ein relativt tung dag for han. Det var likevel nest best av 4 deltakarar i klasse 60-64 år. |
|
I dameklassen hadde Trude Sundsteigen 29.beste tid med 4.12.13, noko som tilsvarar 6 minutt på kilometeren. Det var 12.beste tid av 14 deltakarar. Trude låg mykje betre til tidleg i løpet, men fekk det veldig tungt med kramper siste mila. Dette er første gongen Trude prøver seg på heilmarathon. |
|
På den halve distansen sette Hildegunn Håland ny personleg rekord med 1.37.58, noko ho var særs nøgd med. Det var 13.beste tid i dameklassen og nest best av dei 20 deltakarane i klasse 50-54 år. Eit løp med stabilt 4.40 min/km gjennom samtlige 21 km. |
|
I same slengen tek vi med at Holmfridur Adalsteinsdottir var heime på Island forrige helg og deltok i Reykjavik Marathon. Der vart ho faktisk islandsk meister med 3.04.43, og var med det nest raskaste kvinne i løpet. |
|
Trio gratulerer med flotte prestasjonar. |
|
|
|
|
|
|
|