Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Målorgie på Stord

Klikk på bilete for full storleik
 
G13: Trott-Trio3 7-7. Vi la av garde på ein særs effektiv bortetur. Med hurtigbåt til Stord og Trott-foreldre køyrde oss att og fram frå Leirvikkaien, slik at vi var tilbake på Sunde mindre enn tre timar etter avreise. Og vi rakk utruleg mykje på turen. Til slutt endte kampen 7-7.
 
Trott er blant dei svakare laga i serien og vi gjekk fyrrig ut og tok kommandoen frå start. Fokus på å bruke kantane og spele oss til innlegg og avslutningar. Men nokre tok litt for ofte den enkle vegen. Allereie tre minutt ut i kampen sette vi inn to kjappe, begge etter duellspel i feltet og begge stang inn. Først ved Mohammed, så ved Elias. Sistnemnte la på til 0-3 på eit dribleraid, før han også var med på det fjerde, då Abdi sette i gong ei kontring. Kjekt å sjå Elias spele fri Abdi igjen, som fullførte løpet sitt. Og rett etter der igjen: 0-5, då Mohammed snappa ein forsvarsglipp.
 
Vi trenarar fann ut vi måtte ta aksjon og byta i hytt og pine etter beste evne. Spissen som vart degradert til back var ikkje særleg nøgd, men vi har godt av å øve på andre roller når vi treng å jamne ut kampane. Noah kom inn som midtstoppar då vi gav vår faste bauta Andre pause. Noah manglar litt fart, men er fotballklok og trygg med ballen. Med godt blikk for spelet løyste han ei uvant rolle veldig bra, både offensivt og defensivt. Trott fekk ei redusering, før vi varta opp med dagens beste angrep. 
 
Vi kom rundt på sida, inn til Mathias som la i støtte til William, som smelte ballen i tverrliggjaren. Dermed vart det ståande 1-5 midtvegs. 
 
Vi heldt fram med å byte for å sikre at alle 13 fekk 2/3 kamp. Trottarane sette inn to tekniske og lynkjappe 12-åringar og dei gjorde vei i vellinga. I løpet av første kvarteret hadde dei redusert tre gonger. Vi vart noko stressa, men var nær scoring då Michael runda på venstrevingen, skar inn og skaut like utanfor lengste hjørnet.
 
Siste ti minutta gjorde målorigen fullstendig. Trott utlikna til 5-5, før Elias vart frispelt av Michael og sendte oss i ny føring på direkten. Men jubelen hadde ikkje før sett seg. før det sto 6-6. Men vår bestemann i dag, Abdisalan, var ikkje ferdig. Han vann att ballen høgt i banen og tuppa inn nok ei leiing for oss. Tåspark er visst lov! :)
 
Men like sikkert som at vi tok leiinga var det at Trott svara. 7-7, og siste tre minutta hadde også begge lag to kjempesjansar til å avgjere. Men vi gav oss på det der. Ein artig og spanande kamp, i allefall for dei som er meir glad i angrepsspel enn forsvarsspel.

Kampkfakta frå Prestegardsskogen kunstgras

G13: Trott-Trio3 7-7 (1-5)
0-1 (3 minutt) Mohammed Aljajan
0-2 (4 minutt) Elias Ulbi
0-3 (10 minutt) Elias Ulbi
0-4 (14 minutt) Abdisalan Zekeriye
0-5 (14 minutt) Mohammed Aljajan
1-5 (18 minutt)
2-5 (38 minutt)
3-5 (43 minutt) 
4-5 (50 minutt) 
5-5 (60 minutt) 
5-6 (62 minutt) Elias Ulbi
6-6 (63 minutt) 
6-7 (64 minutt) Abdisalan Zekeriye
7-7 (66 minutt) 
 
Trio sitt lag: 
Martin Fjeldstad Smith, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Andre Nordøy, William Heggøy, Vegar Seljelid Joleik, Abdisalan Zekeriye, Mohammed Aljajan, Brage Kvandal, Elias Ulbi, Mathias Veastad, Håkon Georg Røssland, Noah Smith, Michael Løland.
 
- Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart