Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Merkedag for Trio fotballen - vi er formelt KVALITETSKLUBB!

Klikk på bilete for full storleik
Trio er formelt godkjend som Kvalitetsklubb!
 
Laurdag 7. september 2019 vil stå som ein merkedag for IL Trio Fotballgruppa. Då fekk ein det synlege bevis ovverrekt frå kretsen på at ein tilfredsstiller krava til Kvalitetsklubb Nivå 1 ihht NFF.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott bukett fotball ungdom samla
Markeringa var lagt til A-kampen mellom Trio og Bremnes på grasbanen. Då pausesignalet i kampen gjekk, var det storslagen innmarsj av alle laga i barne- og ungdomsfotballen i Trio inn på Husnes Stadion. Der fekk leiar i fotballgruppa, Kjell Magnar Eide, overrekt plansje og diplom som bevis på at klubben er blitt den første Kvalitetsklubben i Kvinnherad og nummer 22 i Hordaland krets. Anne Helene Vestbøstad frå styret i HFK stod for overrekkinga, saman med vår veiledar frå kretsen, Rolf Andre Rasmussen. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Leiar Kjell Magnar Eide viser fram det synlege bevis på at Trio er Kvalitetsklubb. Anne Helene Vestbøstad og Rolf Andre Rasmussen representerte HFK
Deretter vanka det gratis is til både store og små. Flagga vaia, sola kom fram og det var godt med folk i anledning kampen og markeringa. Einaste som mangla var poeng i oppgjeret mot bømlingane, men dei vart for sterke denne dagen og reiste heim med ein 2-0 siger mot eit Trio lag i poengnaud.

 
Klikk på bilete for full storleik
Det vanka gratis is til alle, noko spesielt dei yngste satte pris på!
Markeringa vart avslutta i Triohuset etter kampslutt, der konferansier Arne Torget loste oss gjennom ein kjekk seanse med god mat og drikke, dikt, talar og utmerkelsar. Rolf Andre Rasmussen skraut over prosessen Trio hadde hatt på veg mot sertifisering. Spesielt påpeika Rasmussen det faktum at Trio hadde utfordra kretsen undervegs og gjeve også dei verdfulle innspel som dei tek med seg vidare. 
 
Det overordna målet til Trio har vore å etablera og implementera eit system tilpassa vår klubb, med den størrelse, aktivitet og ressursar som definerer vår klubb. Det er vi overtydd om at vi no har og håpar og trur vi skal sjå effekt av systemet dei kommande åra.
 
For dei som enno ikkje har lest seg opp i dokumentasjonen utarbeidd, ligg dette under fliken Fotball på heimesida til Trio.
 
 
 
For Fotballgruppa IL Trio
Per Einar Gjerding
Kvalitetsklubbansvarleg
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart