Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Knapp siger utanfor Brann stadion

Klikk på bilete for full storleik
Trio damelag sesongen 2019. Foto: Carina Wangensten.
 
5.div kvinner: Baune-Trio 0-1. Damelaget tok tre solide poeng på Nymark søndag. Både heimelaget Baune og vi er sterke bak, men ikkje veldig målfarlege, så det låg an til ein målsnål kamp. Og det vart det. Lynvingen Kristine avgjorde då ho sprang inn eit innlegg frå Aria midt i andre omgang.
 
Trio hadde før kampen 16 mål på 12 kampar, medan Baune hadde 14 scora mål. Kun botnlaget Eidsvåg har færre, så det var ikkje noko overrasking at førsteomgangen vart mållaus. Trio hakket betre før pause, kan trenar Ragnvald melde.
 

Tre debutantar på dagens Triolag. 15-årige Madel Gausvik, nytilkomne Tuva frå Odda, samt Vilde, som er student i Bergen og tilgjengeleg på einskilde kampar. I andre omgang vart Kristine flytta opp på topp. Då fekk vi meir trøkk og skapte meir. Nok til å vinne kampen. Midt i omgangen jaga Aria ein fortapt ball, der forsvararen stoppa og tenkte ballen gjekk ut over daudlinja. Men Aria nådde den og serverte eit perfekt innlegg til Kristine, som scora sikkert.

 

Kort etter ein liknande sjanse, der Aria på ny var på løp og la inn til Kristine, som ikkje lukkast den gongen. Det gjorde heller ikkje Mariel, som traff tverrliggjaren med ein susar. Defensivt hadde vi god kontroll. Litt varierande og vågale valg med ball innimellom, men med Madel og Selma i midtforsvaret var det potte tett. Dermed ein fortent 0-1-siger med i bussen heim. 

 

Aria får bestemannspremien i dag, tett følgd av Kristine og Madel HG. No ventar tre strake heimekampar. Først ut Sund/Skogsvåg neste søndag.

Kampfakta frå Nymark kunstgress

5.div kvinner: Baune-Trio 0-1 (0-0)
0-1 (65 minutt) Kristine Enæs Medhaug
 
Trio sitt lag: 
Erna Mikkelsen, Kristine Enæs Medhaug, Madel Holmedal Gjerding, Selma Kvalheim, Mia Høydal, Emma Heggøy, Sofia Televik, Christine Solheim Fjelland, Mariel Musland Madsgård, Aria Haugsdal, Madel Grønstøl Gausvik, Beate Vimme, Tuva Løyning, Vilde Teigen.
 
- Are Ulseth/Ragnvald Vaage
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart