Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Bånnsolid bortekamp av Trio J15 ga 3p mot Djerv 1919

Klikk på bilete for full storleik
Nok ein 3-poengar for Trio J15 og gjenerobring av tabelltopp!
 
J15, 1. div. Rogaland, Djerv 1919 - Trio 0-2 (0-1).

14 fokuserte og blide J15-jenter var torsdag på sin tredje bortekamp på rad i starten av haustsesongen. Dei fornekta seg ikkje i dag heller og reiste heim frå Djerv banen med 3 poeng og nok ein 'clean sheet' bakover etter imponerande forsvarsspel igjen.
 
Klikk på bilete for full storleik
2-måls scorar Ida er i kjempeform og leverte ein strålande kamp i kveld
Kampen opna noko uryddig med mykje duellar og ballen meir i lufta enn vi ønsker. Gradvis tar vi grep om kampen gjennom at vi klarer roe ned kula og sette i gang kombinasjonsspel. Første store sjanse er når Cecilie kjem seg fri og til dødlinja, men det gode og lave innlegget blei ikkje omgjort til nettsus. Deretter briljerer Ida og Synna med fleire vakre veggspel der dei broderer seg nesten heilt gjennom. Eit par skuddforsøk frå Astrid og i denne perioden, men treff ikkje fullt så godt som på trening. Men bra at vi prøver:-). 
 
Klikk på bilete for full storleik
Prikkfri kamp i midtforsvaret av Ingeborg
Målet kjem meir på ein tilfeldighet, då målvakta til heimelaget er litt uheldig på eit langskot (frispark) frå Linnea. Glepp ballen eit lite sekund og det er nok til at Ida er frampå og tuppar ballen i mål til fortent leiing 1-0 til oss som står seg til pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Meget bra kamp av June på høgreback!
Skryt for godt og kontant forsvar og duellspel i pausen og oppfordring til endå meir vegg- og kombinasjonsspel. Cecilie som spiss frå start i andre for å søka fleire kombinasjonar og gjennomløp frå midtbanen sentralt.
 
Klikk på bilete for full storleik
Malin leverer stabilt og bra om dagen!
Dette trekket viser seg å fungera godt. Cecilie storspelar som spiss, kjem seg til fleire sjansar sjølv før ho kombinerer Ida gjennom eit kvarter uti omgangen. Ida er i scoringsform i haust og sett 2-0 kontant i Djerv 1919 buret. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Leah var frisk på venstrekant i 2. omgang
Imponerande laginnsats og spesielt godt forsvarsspel av Trio jentene. Djerv 1919 har 1,5 målsjansar på 80 minutt. Meget bra! Spesielt strålte Ingeborg, Synna og Ida med svært sterke prestasjonar. Masse ros også til hospitantane og dei yngste på turen; Jenny, Annie og Leah. Alle 14 spelte minst 25 minutt i dag og bidrog til 3 poeng og på ny tabelltopp:-)
 
God dommar var utflytta kvinnhering Oddgeir Søllesvik:-).
 
Neste utfordring då er Sveio heime på tysdag, kjekt med heimekamp etter gammalt!
 
Laget i dag:
Jenny, Malin, Ingeborg, Ariana, Linnea, Cecilie, June Marie, Synna, Ida, Astrid, Malene, June, Annie og Leah.
 
 
Kristine, Stig og Per Einar
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart