Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Storsiger i hausten's første heimekamp for J15

Klikk på bilete for full storleik
Blide jenter feirar 7-0 siger over Sveio
 
J15, 1. div Rogaland, Trio - Sveio 7-0 (2-0).

Jenter i meget bra form gledde seg stort til første heimekamp for hausten. Kampen mot Sveio vart stort sett spel mot eitt mål for eit høgtståande og aggresivt Trio lag. Det stoppa til slutt på 7-0, men kunne fort vore det doble.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott kamp av June Marie som avslutta ballet med kanonskudd i nota
Allerede i kampens 5 første minuttar har Cecilie, spiss frå start, 3 fine sjansar utan å få uttelling. Julie var tilbake etter sjukdom og vart matcha forsiktig. Men ho brukte ikkje lange tida då ho først vart sluppe utpå. Drog seg fri innover i banen og satte kontrollert inn 1-0. Sjansane florerer, blanta anna har Malin og Annie gode muligheter, før Malin får gleden av å scora sitt første mål i Trio drakt. Kjekt:-). 2-0 står seg utrulig nok til pause, etter eit hav av målsjanser. Det positive er at dei kjem av aggresivt forsvarsspel og bra angrepsspel, men det manglar litt i avslutningane. Cecilie produserer masse frå sin meir vante høgrekant etter at Julie kom inn.
 
Klikk på bilete for full storleik
Julie er forsiktig tilbake etter sjukdom og putta 2 fine mål i kveld
I pausen vankar det masse skryt. Elles er vi mest opptekne av at vi må fortsette å spele i lag, ikkje begynne med solo-prestasjonar. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Astrid leverte godt spel på høgrebacken!
 
Klikk på bilete for full storleik
Malin scora sitt første mål i raud drakt i kveld!
Starten av andre omgang er vår svakaste periode av kampen og Sveio er litt meir med utan å produsera målsjansar. Men etter 10 svake minuttar smell det skikkelig. Ida spelar Julie fri og dermed 3-0. Ida får ny assist med ein flott slått corner som Annie møter og stussar på glitrande vis i langhjørnet til 4-0. Første for Annie også på J15:-). Så kjem dagens flottaste mål. Frispeling Malene av Ingeborg på høgrekant, til dødlinja og heilt korrekt '45 ut' der Ida kjem i hundre og knallar den kontant i nota. Vakkert og noko vi har øvd ein god del på, bravo jenter! Det roar seg så noko ein periode, utan at jentene vert trua. Siste 5 minutta tar det seg opp igjen og då er det dei 2 andre sentralt på midten som kjem i målprotokollen. Først Synna som glir gjennom og tåar den inn i steget. Så June Marie som avsluttar det heile med ei kanonkule opp i nettaket frå skrått høgre.
 
Einaste skår i gleda i dag er ein smell i kneet på Cecilie etter ein tøff duell for gjenvinning. Tøff inngripen av 14-åringen som vi likar, synd at det vart ein smell av det. Håpar det går bra:-).
 
Masse speletid på alle 14 som verkeleg storkoste seg utpå der og leverte bra underhaldning til bra med folk på tribunen. Kontant og godt forsvar av heile laget la grunnlaget for mykje ballinnehav og flott spel i lange periodar. Vår sentrale midtbane er i kanonform om dagen og dominerte stort i kampen.
 
God dommar som alltid var Kristian Steinsvik frå Rosendal.
 
Neste kamp er heime mot Sauda kommande måndag (30/9). Sauda spelar 9ar, så då må det omstillast litt for mindre bane og færre spelarar:-).
 
 
Laget i dag:
Jenny, June, Ariana, Ingeborg, Linnea, Malene, Ida, Synna, June Marie, Malin, Cecilie, Julie, Astrid, Annie.
 
 
Kristine, Stig og Per Einar
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart