|
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne |  | | Ådne Olsen slår til med 13,03 i kule. |
| | | | Onsdag kveld arrangerte friidrettsgruppa seriestemne på Husnes stadion og her vart det levert mange gode prestasjonar. Mest imponerande var Ådne Olsen, som endeleg braut 13-grensa i kule, og Julian Staveteig med ny pers og 3,15 meter i stav. Vedlagt er resultater (nederst). | | |  | | Sander Sæverud Jensen får til eit kjempekast. |
Diskosringen var første stoppestad og her varta Ådne opp med 39,62 meter, medan Julian persa med 28,11 meter. Totalt 5 deltakar både her og i kulestøt etterpå. Og der fekk vi altså sjå Ådne nærme seg 13-metersgrensa kast for kast og Arne Torget sin pers på 12,91 frå forrige årtusen vart grusa i siste kastet. 13,03 meter! | | |  | | Ådne Opsanger Tveit i diskos. |
Så var det over på løpebanen. Tre unge lovande sprang 1500 meter, før det var duka for 3000 meter for dei vaksne. Heile 8 deltakarar og best var Kenneth Blom med 11.21. | | |  | | Oppvarming for dei yngste. |
Medan konkurransane pågjekk var det trening for dei aller yngste, og løpegjengen køyrde intervall i Trioløypa, så det yra med friidrettsaktivitet i idrettsparken. Kvelden vart avslutta med stavspang, der Julian tek stadig nye steg. Ny pers og 3,15 meter i eit sprang som han sjølv utropte som skikkeleg dårleg hopping. Etter rapportane har han snusa på 3,5 meter på trening. | | | 20.oktober ligg det an til Kvinnheradmeisterskapen i friidrett på stadion. | | |  | | Julian Staveteig svevar over 3,15 meter i stav. |
| | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |