Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Slett ikkje gale

Klikk på bilete for full storleik
 
G13: Trio2-Stord2 0-5. Vi har fått nokre leksjonar av Stordlaget tidlegare i sesongen. I målprotokollen fekk vi det også i dag, men spelemessig var vi i grunn fullt på høgde. Utteljing var det dog berre bortelaget som fekk.
 
Vi starta veldig bra og var det førande laget. Abdi fekk første sjansen, då headinga på Mohammed sitt innlegg krevde at Stordakeeperen måtte ta ut sitt beste for å fiste ballen over tverrliggjaren. Så nokre formidable sjansar etter corner, der Elias fekk den siste og tåa ballen rett utanfor. Abdi og Elias også med gode skot, men keeperen let seg ikkje overliste. Det gjorde heller ikkje Martin, som var i full strekk på eit langskot. 
 
0-1 kom på ei rask kontring, men vi heldt fram med å skape sjansar og spele godt. Tristan med stor sjanse i feltet, Elias frispelt av Mathias og Mohammed med eit knallskot. Neida, 0-1 midtvegs.
 
Stord auka tidleg til 0-2, rett etter at Noah hadde sendt Elias gjennom med ei krempasning. Forskjellen på laga var enkelt og greitt at stordingane var kaldare framom mål. Mohammed dundra alle sjansars mor høgt over, og då ikkje eingong den gjekk inn, måtte vi bli mållause i dag. Stord punkterte med tre scoringar siste ti minutta, og dermed vart det heile 0-5. Trass i mykje godt spel av oss.
 
No kjem denne hersens haustferien, men vi skal spele mykje fotball då. Trening som vanleg og på laurdag kjem Bremnes på besøk til 7arkamp :)

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G13: Trio2-Stord2 0-5 (0-1)
Mål etter 12, 41, 60, 63 og 69 minutt.
 
Dommar: Hallvar Saghaug
 
Trio sitt lag: Martin, Fredrik, Michael, Edvard, Vegar, Emil, Abdi, Mathias, Gunnar, Noah, Mohammed, Håkon, Tristan.
 
- Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart