Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Jubileumsfest i strålande ver

Klikk på bildet for full størrelse
Fotballeiar Svein Røyrvik takkar for innsatsen med bygginga av den nye banen. Klikk på bileta for full storleik.
 
Søndag vart Kvednabekkjen kunstgrasbane offisielt opna, samstundes som Trio jublierte for 60 år sidan skipinga. Mykje folk, både gamle og unge, var til stades og vergudane var i storform. Her vert fleire bileter og videosnuttar lagt inn etter kvart.
 

Det starta heller uformelt med fri myldring, der ungar (og for så vidt også vaksne) kunne utfolde seg på ball på den nye kunstgrasbanen, medan også dei andre gruppene i Trio hadde aktiviteter.

 
Klikk på bildet for full størrelse
Husnes Musikklag spelte ved opninga.

Så var det klårt for den offisielle delen, som starta med tonar frå Husnes Musikklag og innmarsj av 4 fotballag frå ungdomsavdelinga i Trio, med faner, flagg og det heile.

Så heldt Trioleiar Tjerand Lunde opningstale, før fleire fekk seie sitt i mikrofonen. Av dei som hadde ordet var Oddmund Røssland og Knut Prestnes frå HMR (som har vore sterkt delaktig i bygginga av banen), fotballeiar Svein Røyrvik, ein representant frå Hordaland Fotballkrets og ordførar Bjarne Berge, alt styrt med stødig hand av komframogsier Arne Torget, som innimellom ramsa opp alle Triorekordane sine.

 
Klikk på bildet for full størrelse
Knut Prestnes opnar stasen med ei noko sløv saks.

Knut Prestnes fekk æra å klippe snora som offisielt opna banen. Blomar vart delte ut til mange ulike bidragsytarar, før tilstelninga vart avslutta med fotballkampar mellom laga som sto for innmarsjen. I miniputt-96 vann Husnes 4-3 over Sunde, medan Jenter-91 slo småjenter-93 med 2-0 på den andre banehalvdelen.

 

Ein stor takk til innsatsen til alle som var involvert i arrangementet. Ikkje minst dei som sto for matservering og kiosksal.

 
Leiar i ungdomsavdelinga, Jan Ove Haugland, fremst i prosesjonen.

.

Mini-96 frå Sunde.

.

Mini-96 frå Husnes.

.

Jenter-93/94.

.

Jenter-91.

.

Vonleg kjem fleire bileter etter kvart.

 
 
Videoklipp: 10-årige Lars Bernhard viser fram eit triks.
Videoklipp: Sayed driblar rundt med damene.
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart