Jubileumsfest i strålande ver |
| Fotballeiar Svein Røyrvik takkar for innsatsen med bygginga av den nye banen. Klikk på bileta for full storleik. |
|
|
Søndag vart Kvednabekkjen kunstgrasbane offisielt opna, samstundes som Trio jublierte for 60 år sidan skipinga. Mykje folk, både gamle og unge, var til stades og vergudane var i storform. Her vert fleire bileter og videosnuttar lagt inn etter kvart. |
|
Det starta heller uformelt med fri myldring, der ungar (og for så vidt også vaksne) kunne utfolde seg på ball på den nye kunstgrasbanen, medan også dei andre gruppene i Trio hadde aktiviteter.
|
|
| Husnes Musikklag spelte ved opninga. |
|
Så var det klårt for den offisielle delen, som starta med tonar frå Husnes Musikklag og innmarsj av 4 fotballag frå ungdomsavdelinga i Trio, med faner, flagg og det heile.
|
Så heldt Trioleiar Tjerand Lunde opningstale, før fleire fekk seie sitt i mikrofonen. Av dei som hadde ordet var Oddmund Røssland og Knut Prestnes frå HMR (som har vore sterkt delaktig i bygginga av banen), fotballeiar Svein Røyrvik, ein representant frå Hordaland Fotballkrets og ordførar Bjarne Berge, alt styrt med stødig hand av komframogsier Arne Torget, som innimellom ramsa opp alle Triorekordane sine.
|
|
| Knut Prestnes opnar stasen med ei noko sløv saks. |
Knut Prestnes fekk æra å klippe snora som offisielt opna banen. Blomar vart delte ut til mange ulike bidragsytarar, før tilstelninga vart avslutta med fotballkampar mellom laga som sto for innmarsjen. I miniputt-96 vann Husnes 4-3 over Sunde, medan Jenter-91 slo småjenter-93 med 2-0 på den andre banehalvdelen.
|
|
Ein stor takk til innsatsen til alle som var involvert i arrangementet. Ikkje minst dei som sto for matservering og kiosksal.
|
|
| Leiar i ungdomsavdelinga, Jan Ove Haugland, fremst i prosesjonen. |
|
.
|
| Mini-96 frå Sunde. |
|
.
|
| Mini-96 frå Husnes. |
|
.
|
| Jenter-93/94. |
|
.
|
| Jenter-91. |
|
.
|
Vonleg kjem fleire bileter etter kvart. |
|
|
|
|
|