|
Korleis finne fram til Trio og Husnes | | Langvegsfarande har gjerne problem med å finne fram til Husnes og Trio sine idrettsanlegg. Det meste er å finne i og rundt Husnes idrettspark. | | | Det er fleire måtar å kome til Husnes.
| | | |
1) Frå Odda gjennom Folgefonntunnellen eller frå Bergen over fergestrekket Gjermundshamn-Årsnes. Då følgjer ein skilting til Husnes, som ligg om lag 45 minutt køyring frå Årsnes. Etter å ha teke til høgre ved gamle Møbelringen, køyrer ein gjennom ei rundkøyring og til venstre i den neste, før ein køyrer langs vatnet (venstre side) forbi sentrum (høgre side), til ein kjem til Idrettsparken.
| | | |
2) Via Stord over fergestrekket Skjersholmane-Ranavik. Då kjem ein no i land på Halsnøy og køyrer gjennom undersjøisk tunnell, som kjem opp mellom Sunde og Husnes. Då tek ein til venstre i rundkøyringa og har ein knapp km køyring derifrå før ein er framme.
(Frå Bergen kan ein ta denne ruta ved å ta ferge til Stord frå Halhjem på Os. Då er det ca 30 minutts køyring over Stord frå Sandvikvåg til Skjersholmane.)
(Frå Haugesund køyrer ein fergefritt til Stord gjennom Bømlafjordtunnellen.)
| | | |
3) Frå Haugesund over fergestrekket Skånevik-Utåker. Då har ein knappe 20 minutt køyring frå Utåker kai. Her har ein to moglegheiter frå krysset på Reset, kvar sin veg rundt Opsangervatnet.
| | | |
For detaljert kart/skildring av korleis ein finn Idrettsparken på Husnes, sjå linken under: | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |