Rema 1000 er cupens hovudsponsor, og vil mellom anna vera til stades under cupen og servere gratis frukt. ' Rema 1000 Husnes Cup tek mål av seg til å vera eit alternativ til dei store cupane. Vi reknar at om lag 60 lag er høveleg tal for at alle skal trivast. Vi har hausta ros for at alle aktivitetane, kampane, overnatting, matservering og sosiale tiltak er samla innafor eit trafikksikkert område. Vi satsar på kvalitet og intimitet og prøver å gjera vårt beste for at spelarar og leiarar skal få ei god fotballoppleving på Husnes. Tilbakemeldingane tidlegare år har vore udelt positive. Rema 1000 Husnes Cup er inndelt i 5 klassar: - Gutar 10 år (2009), 7arfotball - Gutar 11 år (2008), 7arfotball - Gutar 12 år (2007), 7arfotball - Jenter 11 år (2008), 7arfotball - Jenter 12 år (2007), 7arfotball Merk altså her at vi held oss til den 'tradisjonelle' speleformen 7ar i 12årsklassen. Dette pga banekapasitet. Kampavvikling etc.: - Kampane vert spela på naturgras og kunstgras i Husnes Idrettspark. Om veret tverkar med oss, kan kampane på gras bli flytta til andre kunstgrasbanar i distriktet. - Kampane startar laurdag morgon. Om påmeldinga krev det, kan det verta kampstart fredag kveld (lite sannsynleg). Tilreisande lag spelar ikkje før laurdag. Kampoppsett vert sendt ut så tidleg som råd er. - Matservering og alle fasilitetar innafor ein radius på eit par hundre meter! - Overnatting på Undarheim skule og Husnes ungdomsskule. For anna overnatting, sjå linken ”Overnatting”. - Vi nyttar NFF sitt reglement og har i alle år lagt stor vekt på Fair Play. - Vinnarlaget av Fair Play får billettar (max 13 stk.) til ein heimekamp for FK Haugesund eller Brann. |