Norges Gymnastikk og Turn Forbund (NGTF) har lang røynsle med idrett for born og blir sett på som ein god start for born sitt møte med fysisk aktivitet og idrettsglede. Idrett for born skal vera allsidig og motorisk utviklande. Det skal gi born utfordringar, spenning og eit grunnlag å byggje vidare på. Dette skjer gjennom leik. I leik får born fridom og vert motivert til å prøve og feile. Gjennom tilrettelagte aktiviteter skjer utvikling av grovmotoriske ferdigheter som gå, løpe, hoppa, balansere, rulle, klatre osb.
Turn er gøy!
For dei minste borna (2-5 år) tilbyr NGTF konseptet GYMLEIK. Her ver gymnastikkens grunnelement kombinert med leik. Grunnprinsippet i konseptet er å leggja tilrette for aktivitetsmiljøer som gir borna stort spillerom for utforskning og eksperimentering.
For born frå 6-12 år har vi utvikla Idrettens grunnstige 1 og 2 som til sammen utgjør NGTFs konsept for breddeaktivitet. Her får
borna grunnleggjande motoriske ferdigheter som er viktig for all idrett.
Når bornet er 6 år kan ho/han og delta på oppvisningsstemner.
Tumbling/SALTO er eit opplærings- og aktivitetstilbod for born og ungdom og byggjer vidare på Idrettens grunnstige. SALTO skal gi born og ungdom nye utfordringar og målsetjing.
Kjelde: NGTF
Påmelding til turnpartia startar torsdag 15.august. Send påmelding via mail til pamelding-turn@il-trio.no. Påmeldinga må innehalde: namn på partiet, namn på bornet, fødslesdato, mobilnummer og navn på føresette. Når bornet har fått plass, må ein registrera bornet i IL TRIO sitt elektroniske medlemsregister MinIdrett. Sjå på venstresida i menyen.
Tur til FlipZone.
lørdag 9.mars. Var begge tumblingpartiene frå Trio turn på tur til Flipzone hoppepark i Åsane.