|
Rekrutteringsdommarkurs | | Det inviterast til rekrutteringsdommarkurs i Kvinnherad i haust. Merk at ein må vera fylt 14 år for å ta kurset og dette gjer ein i stand til å dømme i ungdomsfotballen. (Dette er altså ikkje klubbdommarkurset for barnefotball, men eitt steg vidare.) Vedlagt er påmeldingsinfo og informasjon om korleis ein melder seg på. | | | Dersom du likar fotball og vil ha ein kjekk idrett å drive med, så vert det dommarkurs i Kvinnherad for dei som vil dømme i klassane over 12 år. Fotballdømming er utfordrande og moro. I tillegg vil dei som vil kunna få litt lommepengar også. | | | Kurset går over 3 kveldar i tillegg til ein kveld med praksis. Det er oppstart tysdag 14. november kl 1745 -2100 på klubbrommet i Rosendal Samfunnshus. Dei andre kurskveldane er på kveldane 16. og 21.november. Dei vil veksla mellom Rosendal og Husnes. Vi kan bytte kurskveldar dersom det vil passa betre. I år blir påmeldinga på nettsida Min idrett. Framgangsmåten for påmelding er som vist i vedlegg. Deltakaravgifta betaler Trio. | | | Dersom nokon får problem kan dei ta kontakt med Willy tlf 90805405 eller Oddvar tlf 90632855. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |