Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Triostafetten 2019: Tidsplan og info

Onsdag (1.mai) kl 17 brakar Triostafetten laus. Påmeldinga ser veldig bra ut, vi har 46 deltakande lag, så stafetten er vel så stor som i fjor. Her er viktig og nyttig informasjon, samt tidsplan for arrangementet.
 
Registrering skjer i sekretariatet, som blir plassert indre bane. Ved registrering må ein bekrefte lagoppstillinga, ein får utdelt løypekart, stafettpinne og startnummer.
 
Løypekart er også vedlagt nedst i denne artikkelen.
 
Parkering: Vi ønskjer ikkje bilar opp til Triohuset, og oppmodar om at grusbanen brukast til parkering. Dette blir skilta. NB! Ver varsam ved utkøyring frå grusbanen, viss stafetten framleis pågår.
 
Garderobar er tilgjengeleg på Triohuset.
 
Det vil vera kiosk i tribunehuset med sal av pølser, kaker, is, kaffe, saft og brus.
 
Vegleiande tidsplan:
Frå kl 16: Registrering i sekretariat
Kl 16.40: Felles oppvarming, med russen!
Kl 16.45: Info til lagleiarar rekrutt (ved start).
Kl 17.00: Start 4x 100m rekrutt (6-9 år).
Kl 17.40: Start jenter klasse 10/11 år og 12/13 år, stadion.
Kl 18.00: Start gutar klasse 10/11 år, stadion.
Kl 18.20: Start gutar klasse 12/13 år.
Kl 18.40: Start jenter/gutar klasse 14-16 år.
Kl 19.00: Start dameklasse, stadion.
Kl 19.15: Start herreklasse, stadion.
Kl 19.30: Start mixklasse, stadion.
Kl 19.45: Avslutning
 
Alle start og vekslingar går føre inne på stadion.
Rekruttklassen spring 4x100 meter. Det er tre heat, og kvart heat gjer unna stafetten to gonger før neste heat startar.
 
Premieutdeling blir fortløpande klassevis inne på stadion.
 
Vel møtt til ein triveleg og strålande dag i Husnes idrettspark!
 
- Friidrettsgruppa

 
 
Løypekart
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart