Trio J13 høstsesong Trenarane Karen og Kjell Magnar oppsummerer første runde av høstsesongen.
06.09.2018 |
Solid siger i Sveio G19: Sveio-Trio2 0-5. Sveiobuane hadde slått topplaget Ølen i forrige kamp, men mot våre gutar kom dei ingen veg. Ein solid gjennomført kamp av oss, der heimelaget knapt kom til sjansar og vi spudla med innsats og fine kombinasjonar.
04.09.2018 |
Surt tap på overtid for J14 mot Haugar 1  Surt tap på overtid etter svært god kamp av Trio J14 1. div Rogaland, Trio - Haugar 1 0-1 (0-0)
I eit ufyselig regnver tok Trio jentene onsdag kveld i mot Haugar 1 til dyst i 1. divisjon. Eit lag som har vore fleire hakk over oss og som har trent i lag sidan dei var 6 år. Denne kvelden var Trio jentene fullt på høgde og var direkte uheldige som ikkje fekk med seg poeng.
29.08.2018 |
Forsvar er oppskrytt G12: Røldal-Trio Husnes 7-4. Lillegutane frå Husnes har auka frå eitt til to lag i seriespelet i haust, noko som gjer av vi trenarar slepp å ha så mange innbyttarar og det blir meir speletid til alle. 9 mann la av garde til 7arkamp i Røldal. Etter å ha notert ein klår siger mot dei på Husnes i vår, påpeikte underteikna på trening i går at dette kom til å bli alt anna enn lett. Noko dei færraste trudde på. Som så mange gonger før, eg fekk rett :)
28.08.2018 |
Første heimekamp for hausten på onsdag for J14  Trio J14 tar i mot Haugar 1 til første heimekamp for hausten på onsdag Onsdag kl 18.30 er det tid for første heimekamp for hausten for J14 i 1. divisjon Rogaland. Motstandar er Haugar 1, like greit å begynne skikkelig tøft......
28.08.2018 |
Friidrett: Resultater seriestemne 22.august  Ådne vartar opp med 10.49 i kule. Igor, Julian og Torbjørn let seg imponere. Foto: Arne Torget. Onsdag arrangerte friidrettsgruppa haustens første seriestemne. I heller dårleg og haustprega ver var det likevel over 20 deltakarar. 12 ungar i klassane 6-10 år gjorde unna 4 øvingar, før dei eldre gjorde unna sine etterpå, i hovudsak kastøvingar denne gongen. Heile 7 deltakarar i slegge er slett ikkje gale.
25.08.2018 |
Dårleg i starten G19: Ølen2-Trio2 8-3. Juniorane øydela mykje for seg sjølv med skral start på begge omgangar. Elles kunne kampen vorte ein ok prestasjon mot serieleiaren, som mønstra 5 mann frå førstelaget. Men totalt sett blir leveransen heller dårleg.
23.08.2018 |
Sterk bortekamp av J14 ga uavgjort og ett poeng med heim  Sterk åpningskamp i haust av J14 J14, 1. Div, Rogaland; Bremnes - Trio 1-1 (0-1).
14 jenter var gira på å spela kamp igjen onsdag kveld. Bremnes var motstander og jentene hadde et 2-7 tap frå i vår som dei hadde lyst å forbedra. Med ein litt meir kynisk tilnærming enn sist, gjennomførte jentene meget bra og fekk betalt med eit fullt fortent poeng i første forsøk i den svært så tøffe 1. divisjonen i haust!
22.08.2018 |
J14 klar for haust-sesong i tøff 1. divisjon  Tøff motstand i 1. divisjon i haust for Trio sitt J14 lag Trio J14 gjorde sakene sine så bra i 1. divisjon Rogaland i vår at plassen i haust vart sikra, medan 3 andre lag vart flytta ned til 2. divisjon. I haust skal ein dermed møta dei 5 som kom over oss på tabellen i ein dobbel serie. Ein STOR utfordring med 10 kampar mot lag som var bedre enn oss i vår. Med andre ord: ALT å vinna og ingenting å tapa:-)
21.08.2018 |
Fair play-prisen til SK Vedavåg Karmøy Årets fair play-pris på Rema 1000 Husnes Cup gjekk til Vedavåg G10. Eksemplarisk oppførsel på og utanfor banen vert krona med diplom og billettar til eliteseriekamp med FKH (eller Brann). Blant mange positive kandidatar til fair play-prisen har Vedavåg sine 4 gutelag hevda seg. Også G12-laget var med i toppsjiktet.
19.08.2018 |