Medlemsmøte i IL Trio Hovudstyret kallar inn til medlemssmøte i Triohuset onsdag 22.august kl 18. Tema: Fleirbrukshall på Husnes. Høyring om detaljreguleringsplan. Vi oppmodar medlemmane om å møte opp for drøfting av planane.
16.08.2018 |
Macron med stand under Rema 1000 Husnes Cup Til helga brakar det laus med cup i Husnes idrettspark, og vi er glade for at vår nye utstyrsleverandør, Macron, stiller med eit utsalgspunkt. Meininga er eit telt inne på tartandekket på stadion, men det er veravhengig. Macron tilbyr også ein Triogenser til kr 199,-
16.08.2018 |
Kampoppsett Rema 1000 Husnes Cup 2018 Det er halvanna veke til årets Rema 1000 Husnes Cup. Helga 17.-19.august brakar det laus i Husnes idrettspark. 73 lag er påmeldt og 182 kampar skal spelast. Vedlagt er kampoppsett. 15/8: No er også cupprogrammet lagt ut, sjå nederst.
15.08.2018 |
Solid siger i hengekamp G19: Trio2-Stegaberg 4-0. 17-årsgutane innleia haustsesongen med ein hengekamp, sidan Stegaberg ikkje fekk til å stille til dyst på Husnes i vår. Det vart ein solid kamp frå vår side, og vi bygde vidare på det vi var gode på i Norway Cup. I tillegg fekk vi det som mangla i Oslo, tidleg utteljing i målprotokollen.
14.08.2018 |
Friidrett: Gode prestasjonar på Stord  Førsteplass til Ådne i diskos. Til høgre: Bronse til treningskompis Julian Staveteig (Rosendal). Ådne Bertin Olsen deltok på Stordleikane i spyd, diskos og 60 meter sist helg. Der leverte han solide prestasjonar, aller best i diskos, der han vann øvinga og sette ny personleg rekord.
11.08.2018 |
G17 mot eksotisk motstand Norway Cup, G17: Trio-Club Reforma 0-1. Det vart mexicansk motstand for Trio G17 i B-sluttspelet. Såg laget tape ein kamp i går og det var lett å sjå at her kunne det bli temperatur. Og varmt var det i allefall. I steikande sol på Ekebergsletta vart det ein fartsfylt kamp med enorm intensitet. Sjølv om vi tok ut alt, så endte det med 0-1 og exit.
01.08.2018 |
Marginar i mot, igjen Norway Cup, G17: Gratangen-Trio 3-1. Jamn kamp for 17-årsgutane, men heller ikkje i dag hadde vi marginane med oss.
31.07.2018 |
NC: Knalltøff motstand for G17 Norway Cup, G17: Djerv 1919-Trio 11-0. Haugesundarane stiller eit knallsterkt lag i årets Norway Cup, der dei aller fleste tilhøyrer FK Haugesund si elitesatsing på junior. Det vart for tøft for våre gutar.
30.07.2018 |
G17: Knapt tap i første kamp Norway Cup, G17: Trio-Jotun 1-3. Små marginar og Jotun var litt kaldare i avgjerande situasjonar i første kampen.
29.07.2018 |
Friidrett: Resultater seriestemne 11.juli  Heile 11 deltakarar på 3.000 meter. Foto: Arne Torget. Onsdag arrangerte friidrettsgruppa seriestemne og totalt var det 26 deltakarar med. Frå Bønes i Bergen i nord til Sandnes i sør. Og attpåtil ein danske! Vedlagt er resultatliste.
12.07.2018 |