Friidrett: 'Kvinnhering' til OL!  Heine Røssland. Foto: Lars Arve Lunde Røssland. Norges Friidrettsforbund melder i dag at Heine Røssland er teken ut til Special Olympics Summer Games i Abu Dhabi i mars 2019. Heine representerer IL Gneist i Bergen, men far og trenar Lars Arve Lunde Røssland er 'gammal' kvinnhering. Heine deltok også på Løveleikene på Husnes stadion tidlegare i sommar.
10.07.2018 |
Friidrett: Seriestemne på onsdag (11/7) Førstkomande onsdag arrangerer friidrettsgruppa nytt seriestemne. Tre øvingar for 12 år og yngre, og tre øvingar for dei frå 13 og opp. Her er ein ca tidsplan: Barn: 17.00: 60m. 17.20: Kule. 17.45: 400 m. Ungdom/vaksne: 18.00: 60 m. 18.20: Diskos. 18.45: 3.000 m. Påmelding på staden, vel møtt!
08.07.2018 |
Svømmegruppa treng hjelp IL Trio har fått lov å halda Husnes symjehall ope for publikum i juli månad, me treng di hjelp til å få dette til. Me treng folk til billettering og vask, har du godkjent badevakt-kurs eller tilsvarande kan du også vera badevakt. Men me skal også ha livredningskurs no førstkommande torsdag kl 17, for dei som ønsker å hjelpe til. Ver med å gjer ein skilnad, ta kontakt med Hanne Larsen, Tonje Gravdal eller Geir Sverre Andreassen.
26.06.2018 |
Friidrett: Spyd-pers for Ådne  Bronse i spyd for Ådne i Gneistspelen. Gneistspelen 22-24 juni på Fana stadion. Ådne B. Olsen var påmeldt 3 øvelser lørdag i kule, 60 meter og spyd. Det endte med medalje i begge kastøvingene og ny pers med fem meter i spyd.
25.06.2018 |
Vel møtt til TINE Fotballskule 2018 Måndag startar årets TINE Fotballskule. 138 deltakarar og vel 20 instruktørar stiller klare til dyst i Husnes idrettspark. Deltakarar møter kl 09.30 ved Triohuset for utdeling av utstyr og inndeling i grupper. Instruktørar møter kl 09.
24.06.2018 |
Gjennomsnittskamp G19: Bremnes2-Trio2 4-2. Gutane på 17-årslaget avslutta vårsesongen med gjennomsnittsresultatet for vårsesongen. Vi har hevda oss godt mot eldre motstand i vår. Spelt jamnt med alle, men som regel kome litt til kort i målprotokollen. Scora i snitt 2, og sluppe inn i snitt 4. Så også mot Bremnes.
21.06.2018 |
Verdifull støtte frå Sparebanken Vest  Hanne Larsen og Trond Thorsen tok i mot gåvene frå SPV. Vår gode hovudsponsor Sparebanken Vest hadde utdeling av gåver til sponsorobjekter i kveld, og Trio Fotball fekk heile 65.000 kr. Av dette er 45.000 kr til nye drakter i barnefotballen, tilknytta overgangen til Macron som utstyrsleverandør. Mange av laga har fått nye drakter i år, og resten får vonleg før haustsesongen startar. TUSEN TAKK for støtta!
19.06.2018 |
Ikkje akkurat Jondal...  Trio G12 Husnes møtte eit stjernespekka lag på Kvednabekkjen i dag. Alle foto: Lindy Hjelmeland Naterstad. G12: Gutane hadde fått lovnad om treningskamp mot Jondal, sidan seriekampane var tidleg ferdige. Men det var ikkje akkurat jondølar som sto på motsett halvdel, men vel oppdressa mødre og fedre. Alt låg til rette for ein forrykande batalje. Og det vart det. For stemninga sin del var det sikkert greitt at gutane vann til slutt.
18.06.2018 |
Ein herleg dag på Løveleikene  Kristian Norheim frå Gneist er konge på pallen. Laurdag skipa friidrettsgruppa i Trio i lag med dei lokale Lionsklubbane til Løveleiker for utviklingshemma. Om lag 30 deltakarar frå Kvinnherad, samt eit par frå Gneist i Bergen deltok i både løp, hopp og kast-øvingar. Det vart ein festdag med stor idrettsglede. Her er nokre bileter frå moroa.
17.06.2018 |
Kjekt på Friidrettsfestivalen i Strandebarm  Foto: Ingunn Sæverud Jensen. I helga var det Friidrettsfestival på det flotte idrettsanlegget i Strandebarm. Blant utøvarar frå heile Hordaland var også nokre gutar frå Trio. Her er ei handfull bileter frå moroa.
17.06.2018 |