Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Nyhendearkiv

Labert
G19: Trio2-Nord 1-3. 17-årslaget vårt gjorde ein heller laber kamp mot Nord søndag ettermiddag. Samstundes med at dei eldre juniorane spelte på graset, tok vi i mot Nord til ein hengekamp - eit lag vi synest vi burde vore på høgde med. Men som underteikna tok opp før kamp; det har vore labert frammøte på trening siste vekene, så då får vi kanskje litt som fortent.
17.06.2018
Sterke Haugar 1 blei for gode for Trio J14
Haugar 1 og Trio J14 fornøgde etter 2 flotte timar på Sakkestad kunstgras. Haugar jentene var sterkast og vant kampen 3-0.
J14, juni 2018: 1. div Rogaland (Nord), Haugar 1 - Trio 3-0 (1-0).
J13, april 2017: Haugar 1 - Trio 15-0 (Zinken Cup).

For 14 månader sidan i Odda møtte ei ny spelargruppe i Trio Haugar 1 i J13-klassen i Zinken Cup. På 40 minuttar fekk vi 15 baklengs og kom knapt ut av eget forsvar. Vi tapte den gong 15-0. I dag var det KAMP i 70 minutt. Haugar var fortsatt best og vant fortent 3-0, men du verden for ein framgang Trio laget har hatt på desse 14 månadane. Og Haugar trenarane nekta å tru at det var samme laget som dei hadde møtt i Odda:-)
16.06.2018
Friidrett: Resultater seriestemne 13.juni
4 deltakarar på 10.000 meter, frå venstre Kenneth Blom, Morten Gravdal, Trude Sundsteigen og Terje Røssland Nes. Foto: Arne Torget.
Vedlagt er resultater frå onsdagens seriestemne på Husnes stadion, med totalt 22 deltakarar. Dei yngste sprang 40 og 200 meter og hoppa høgde, medan det frå 13 år og eldre var spydkast, 100 meter, og til slutt 10.000 meter.
14.06.2018
Fantastiske nyhende!
Tonje Gravdal og Wenche Huun Eikesdal frå svømmestyret i lag med ordførar Peder Sjo Slettebø og nestleiar i Trio, Hanne Larsen. Foto: Mona Grønningen, Kvinnheringen.
I kveld vart det gjort kjent at kommunen endeleg opnar for å halde sommarope i svømmehallen på Husnes. Dette kjem i stand etter iherdig arbeid frå Trio, med nestleiar Hanne Larsen i bresjen. I lag med Geir Sverre Andreassen og Tonje Gravdal frå styret i svømmegruppa hadde ho det avgjerande møtet med ordføraren på Triohuset i dag tidleg. Flott jobba!
13.06.2018
Trio J14 til topps i Bø Sommarland Cup!
Jublande J14 lag i gull t-skjorter etter seier i Bø Sommarland Cup
Bø Sommarland Cup sin J14 klasse inneheld normalt 8 lag fordelt på 2 puljer, der vinnarane møtes i finale søndag. I år var det dessverre berre 4 lag. Speleprogrammet blei likevel nesten identisk, forskjellen var at vi som puljevinnar møtte nr. 2 i pulja til ny dyst i finalen søndag. Det vart mot eit bra heimelag, Skarphedin, som ligg topp-3 i 1. divisjon Telemark. Den VILLE Trio jentene vinna - og gjorde det etter 2 typiske 'spiss-mål' av vår storscorar Julie Soma Ersland og bånnsolid forsvarsspel av heile laget. 
11.06.2018
Friidrett: Seriestemne på onsdag
 
Førstkomande onsdag arrangerer friidrettsgruppa nytt seriestemne. Tre øvingar for 12 år og yngre, og tre øvingar for dei frå 13 og opp. Her er ein ca tidsplan: Barn: 17.00: 40m. 17.20: Høgde. 17.45: 200 m.Ungdom/vaksne: 18.00: 100 m. 18.20: Spyd. 18.45: 10 000 m.Påmelding på staden, vel møtt!
 
10.06.2018
J14 klare for finale etter 2 kampar i Bø Sommarland Cup!
Trio J14 er finaleklare i Bø etter 2 seire lørdag
J14 / Bø Sommarland Cup: 
Trio - Sandar (Vestfold) 4-0 (2-0).

Trio - Skarphedin (Telemark) 1-0 (0-0).

J14-klassen i Bø Sommarland Cup 2018 tel berre 4 lag. Dermed ei pulje og 3 kampar. Korte omgangar med kampar på 2 x 15min. Vidare er det lagt opp slik at dei 2 beste i pulja møtes til finale søndag ettermiddag. Og der er Trio etter at 2 av 3 kampar er unnagjort!


09.06.2018
Ny sterk kamp av J14 ga ett poeng mot Åkra
Uavgjort for J14 etter ein god kamp mot Åkra
J14, 1.div Rogaland (Nord): Trio - Åkra 1-1 (0-0).

Vi var spente på korleis jentene ville framstå 2 dagar etter tøff kamp i Haugesund og dagen før avreise til cup. Var det nok fokus til å prestera på 1. divisjonsnivå? Motstander Åkra låg på plassen før oss på tabellen og vi venta ein jevn batalje. Det blei det og til slutt endte det og med poengdeling i ein kamp jentene følte dei burde ha vunne etter prestasjonen på banen.
07.06.2018
J14 deltar i Bø Sommarland Cup i helga
J14 deltar i Bø Sommarland Cup i helga
J14 tar i helga turen over Haukelifjell for deltagelse i Sommarland Cup i Bø. Med mange føresette og søsken blir det ein heila delegasjon som skal kosa seg i syden temperatur med fotball og moro i Bø Sommarland:-)
06.06.2018
J14 med seier i jevn og spennande kamp i Haugesund
Jublande jenter etter å ha henta 3 poeng i Haugesund mot Djerv 1919
J14, 1. div Rogaland (Nord): Djerv 1919 - Trio 3-4 (2-2).

Med hjelp frå ein 12-åring og ein 13-åring var det 14 speleklare jenter som tirsdag tok turen til Haugesund for å måla krefter med Djerv 1919. Og med tidlegare Trio gutar Endre Eide og Oddgeir Søllesvik på 'vår side' av sidelinja, klarte jentene å dra heim seieren i ein svært jevn kamp som bølga fram og tilbake i samfulle 70 minutt.
05.06.2018
  Forrige
Neste  
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart