Cupkamp onsdag kl 19 Trio møter Varegg i 2. kvalifiserande runde i NM menn 2015 på Kvednabekkjen onsdag.
06.04.2015 |
Kvinnherad-karusellen i terrengløp 2015 Invitasjon til årets løpskarusell. Onsdagar startar løpa kl 18. Karusellen er for alle aldersgrupper, også førskoleborn. Alle som deltek i minst 3 løp får premie. Første løp er på Husnes onsdag 8. april, oppmøte ved Triohuset.
05.04.2015 |
Fotballen rullar! Då er snart den hersens påska over og det er duka for seriestart! Hildring! Her er ei oversikt over komande vekes kampar.
05.04.2015 |
Skadesmell for Trio! Veteranen i Trio gjekk på ein lei smell rett før seriestart.
* For dei som ikkje skjønte det, så var dette ein aprilspøk.
01.04.2015 |
Terrengsykkelløpet Håhaugrittet Informasjon om terrengsykkelløpet Håhaugrittet, som går av stabelen den 2. mai på vestsida av Sørfjorden (Ullensvang). Det er eit spennande og utfordrande ritt som sikkert passar til Trio sine medlemmer.
31.03.2015 |
Leiarskifte i Trio Svein Røyrvik overtek som styreleiar i Trio fram til ekstraordinært årsmøte.
31.03.2015 |
OnsdagsGjengen tek påskeferie OnsdagsGjengen tek påskeferie og møtes igjen neste onsdag, same tid, same stad, same kaffien, same kjeksa, mykje godt same vitsane og same gode humøret! God påske!
31.03.2015 |
God stemning på Trio Cup  Uskedalen jenter 9 år. Alle foto: Jamal Soosainather. Palmelaurdag gjekk årets siste Trio Cup i Husneshallen av stabelen. 23 lag av dei aller minste fotballspelarane i kommunen var samla til dyst. Eit noko redusert antal sidan vi måtte flytte til første dag i påskeferien, men topp stemning og innsats frå første til siste ballspark. Her er bileter av dei fleste laga som var med.
30.03.2015 |
Treningskamp fredag Fredag kl 19 tek juniorlaget i mot Rosendal A-lag til treningskamp på Kvednabekkjen.
26.03.2015 |
OnsdagsGjengen kvar onsdag kl 10-13 Me starta med kaffi og drøs før me går ut og byggjer trapp og ryddar i Lunden. Har du motorsag eller ryddesag kan du ta det med.
24.03.2015 |