Miniputt-turnering i Husneshallen REVIDERT OPPSETT Laurdag 28.mars går årets siste innecup i Husneshallen av stabelen. Då er det miniputtane som skal til pers. 22 lag er påmeldt. Tysdag kl 20.00: Nytt revidert kampoppsett er lagt ut.
23.03.2015 |
Følg A-laget på Triobloggen! A-Laget er på treningsleir i Spania, nærare sagt Santa Susanna. Dei har i den anledning laga eigen blogg der interesserte kan følga treningsleiren. Lenke: http://triotreningsleir.blogspot.com.es/
23.03.2015 |
Uavgjort i sjeldan 11arkamp  2 mål av Lars O. Larsen. Trio G13 - Odda G14 3-3. I ein treningskamp på Kvednabekkjen i går spela Trio G13 og Odda G14 uavgjort. Gutane skal spele 9arfotball i 13-årsklassen i år, men manna seg opp til 11arkamp mot 14-åringane frå Odda.
23.03.2015 |
Tapte kampen mot Ølen Nei, ikkje ein sosialmedisinsk artikkel, men eit kort referat av G14 sin tur til Etne på 4-lagsturnering. Det endte med to tap og relativt svake prestasjonar, men elles ein veldig kjekk tur og eit triveleg arrangement.
22.03.2015 |
Strålande kamp av smågutane  Jublande gutar etter ein knallsterk siger mot Halsnøy. G14: Trio-Halsnøy 4-0. Smågutane sprudla verkeleg i fredagens kamp mot Halsnøy. Mange spelte sin første 11arkamp nokon gong og mange viste at dei har teke store steg framover i løpet av vinteren. Herleg å sjå at alle vågar å spele ball og at vi klarar å jobbe som eit lag både framover og bakover på banen.
20.03.2015 |
Knepent tap i Rosendal G14: Rosendal-Trio 1-0. Tettpakka vekeslutt for G14, med kamp i Rosendal i dag, kamp mot Halsnøy i morgon og kampar mot Etne og Ølen på søndag. Godt vi har vel 20 spelarar å plukka blant. Dagens kamp vart tett og jamn. Vi viser stadige framsteg og bydde dei sterke rosendelingane dugeleg kamp. Avgjersla fall 5 minutt før full tid.
19.03.2015 |
Årsmøte i IL Trio  Arne deler ut prisen til Svein, Agnar og Otto. Vel 20 frammøtte kunne oppeve at årsmøtet vart leia med stødig hand av leiar i hovudlaget, Arne Torget. Styret kunne legge fram eit svakt årsresultat på -384.000 kr.
17.03.2015 |
Loppemarked 22.mars Søndag 22.mars kl 12-16 er det Loppemarked i gymsalen på Undarheim skule. Inntektene går til den nye sandballbanen i Husnes idrettspark. Loppeinnlevering laurdag 21.mars kl 12-14 på same stad. me tek i mot alt som får plass i bilen din!
17.03.2015 |
Turn: Takk til Anita! Måndag 5. mai 2014 var ein sorgens dag for IL Trio turn. Då takka denne dama for seg, etter 30 år som instruktør!
17.03.2015 |
OnsdagsGjengen OnsdagsGjengen møte på Trioloftet kvar onsdag. Drøs og kaffi: kl 10-11 Dugnad: kl 11-13 Oppdrag: Planlegging trapper + rydding skog og diverse Arbeid/verktøy: Ute/spade, krafse og brett, motorsak, greinsag/-saks Andre hjelpemidlar: Utekle og godt humør! Alle er velkomne!
17.03.2015 |