Kontingent/treningsavgift No er sesongen starta for dei aller fleste og då kjem også kravet om betaling av kontingent og aktivitetsavgift. Det er ønskjeleg at dette vert gjennomført så snart som mogeleg og det bør være på plass i løpet av april månad.
13.04.2015 |
Tøff sesongstart for G19 G19: Trio/Rosendal/Halsnøy-Bergen Nord1 0-3. Tøff start på sesongen mot eit veldig solid lag frå Bergen Nord. Bortelaget dominerte før pause, men med 0-1 midtvegs klarte kvinnheringane å heve seg etter kvilen. Då jaga dei utlikning, innil kampen vart punktert 5 minutt før slutt.
12.04.2015 |
Jamnt i intern seriestart  Trio J13 har to 9arlag i årets serie. Foto: Helge Sunde. J13: Trio2-Trio1 3-4. Sesongstart for jentene våre var i Valeparken torsdag 11. April. Mykje spenning i lufta blant jentene. Det var duka for lokaloppgjør med Trio 2 som heimelag.
12.04.2015 |
Årsmelding IL Trio Vedlagt er årsmelding for IL Trio i 2014.
10.04.2015 |
Endeleg tilbake på banen  Grei siger for Trio/Halsnøy 2 i seriestarten. Alle foto: Henning Solheim. G16: Trio/Halsnøy2-Trio/Halsnøy3 7-1. Etter over eit halvt år ute med skade, var det endeleg duka for comeback på fotballbanen for Erik Voster Solberg. Ein kneskade i september sette vår unge, lovande midtbanespelar ut av spel resten av sesongen og heile vinteren. Det er ein tøff prøve for ein som er van med å spele ball kvar einaste dag.
10.04.2015 |
Sterk serieåpning av jentelaget  Lagbilete frå serieopninga. Alle foto: Per Einar Gjerding. J16: Trott-Trio 0-9. Jentelaget tok turen til Rommetveit og Prestegardsskogen torsdag kveld for serieåpning mot blåtrøyene vi har møtt kvart år siste 4 sesongane. Jentene har til gode å avgi poeng mot Trott desse åra og torsdag var det ingen tvil om kor poenga skulle. Etter 4-0 til pause, ga ikkje jentene seg før det sto 9-0 i protokollen.
09.04.2015 |
NM: Trio - Varegg 1-3 Trio tok i mot Varegg til 2.kvalifiseringsrunde i NM onsdag kveld. Varegg er ein av opprykksfavorittane i 3. divisjon og me visste at det kom til å bli ein tøff kamp. Og tøft blei det.
09.04.2015 |
Endeleg seriestart  Serien endeleg i gong for G14-gjengen. Her frå ein intern treningskamp i vinter. G14: Trio1-Trio2 2-7. Smågutane sparka offisielt i gong seriesesongen 2015 med dyst mellom dei to laga våre. Med 19 av 20 gutar frå G14 på plass, og ei god handfull frå årskullet under, var det meir enn nok smårollingar til å spele gjengens første offisielle 11arkamp.
07.04.2015 |
OnsdagsGjengen startar opp etter påskeferien Me møtes på Trioloftet kvar onsdag kl 10-13. Kaffi og drøs kl 10-11. Dugnadsjobbar kl 11 - 13. Alle er hjarteleg velkommne!
07.04.2015 |
Klubbdommarkurs torsdag kl 19 Torsdag kl 19 arrangerer vi klubbdommarkurs for unge, lovande dommarspirer (fødd 2002 eller eldre), som har lyst å dømme 5ar- og 7ar i barnefotballen. Kurset er på Triohuset og tek knappe 1,5 time. Kurshaldar er Oddvar Eikenes. Påmelding er ikkje nødvendig, her er det berre å møte opp.
06.04.2015 |