Romjulscupen 2016 - kampoppsett og regelverk Vedlagt er kampoppsett og regelverk til Romjulscupen 2.juledag. Oppsett for sluttspel 3.juledag kjem seinare.
22.12.2016 |
Cupinfo frå Odda FK Odda FK vil gjere ei endring i cup arrangementa våre vinter/vår 2017, (med håp om å etablere eit nytt cupkonsept). Zinken cupen (13-16 år) som normalt arrangeres andre helga februar er blitt flytta til 31 mars – 2 april. Vi trekkjer cupen ut på vår flotte stadion, og i tillegg må vi bruka banen i Tyssedal. Det vert 9èr og 11èr fotball. Cupen går over heile helga, fredag – søndag med A og B sluttspel.
15.12.2016 |
Vidare uttak sonesamlingar 2002-2004 Uttekne 12-14 åringar i Trio har etter slutt på kampsesongen målt krefter med jamnaldrande frå andre klubbar på sonesamling i Kvinnherad og Sunnhordland.
24.11.2016 |
Heia TRIO!  Heia Trio! I slutten av oktober installerte Kvinnherad Breiband fiber til TRIO. I den anledning har dei publisert ein sjarmerande artikkel på heimesida si. Den tykkjer vi det er på sin plass å dele.
22.11.2016 |
Sesongmarkering for 15-åringane  Prisvinnarar på sesongmarkeringa: Frå venstre Tormod Sund Vårdal (hjelparen), Gaute Thorkildsen (treningsframmøte), Sander Dolonen Brækken (toppscorar og årets spelar), Vegar Teigen (godklumpen), Daniel Sørtveit (størst framgang). 15-årsgutane til Trio markerte onsdag kveld at kampsesongen 2016 er over. Vi brukar ikkje ordet avslutning, sidan vi trenar året rundt, men alle spelarane og ein god del foreldre var i allefall samla til konkurransar og kampar i 3arfotball på Kvednabekkjen, med påfølgjande pizzasamling på Trioloftet etterpå.
10.11.2016 |
Mot ein god del odds  Trio 2 mot Trio 4. Totalt har vi 47 aktive spelarar i G15-16-alder ved utgangen av sesongen. Fleire rynka nok på nasen over at vi i år meldte på heile 4 lag i seriespel i G16-klassen. Førstelaget har vore samarbeidslag med Halsnøy, medan andrelaget har vore resten av 16-årsgruppa. Det herska nok mykje tvil til om denne gjengen kom til å fullføre sesongen, men det har dei gjort på imponerande vis og stort sett hatt eit veldig godt treningsframmøte frå mars til i dag, trass ein tung start i vinter. Gruppa er faktisk blitt større gjennom sesongen. Det har også lag 4 (15-årsgruppa til Trio) blitt.
02.11.2016 |
Trekning Fotballotteriet 2016 Vedlagt er trekningslista for lotteriet til Trio Fotball. Vinnarane blir kontakta for utlevering av gevinstar.
29.10.2016 |
Siste seriekamp, allereie?? G16: Trio4-Stord2 1-5. Gutelaget gjorde ein ok kamp mot stordabuane, men litt lettvinte mål i mot samstundes som vi slit med å få ballen i mål sjølv, gjer at det ender med tap. Siste 20 minutta kontra Stord oss i seink.
27.10.2016 |
G16 slo Loddefjord 4-1 Trio/Halsnøy G16 vann 'krigen' mot Loddefjord, som ikkje akkurat representerte klubben sin på nokon god måte. Språkbruk til medspelera, motstpelera og dommar, som me heldigvis sjeldan opplever.
24.10.2016 |
«Trio Fotball 2020» Før det vert fest på kvelden, ynskjer vi å invitera allesom vil til ein framtidsretta fotballprat på føremiddagen.
24.10.2016 |