Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Nyhendearkiv

Godt spel, manglande utteljing
G16: Trott2-Trio4 4-0. God kamp av gutelaget i Prestegardsskogen i dag, mot ein motstandar som mønstra 4-5 mann frå førstelaget. Vi sto godt i mot, og spelte vår kanskje beste kamp offensivt for sesongen. Fullt på høgde spelemessig, men ikkje i målprotokollen.
23.10.2016
Hyllest til pensjonerte midtstopparar
Ronny Hamre. Foto: Helge Sunde.
Også midtstopparduoen Ronny Hamre og Henrik Røssland har lagt skorne på hylla og får ein velfortent blomekvast under A-lagskampen i morgon. Ronny gav seg i vinter, medan Henrik var med noko av vårsesongen før han pensjonerte seg.
21.10.2016
Hyllest til Roger Røssland
Legenden Roger Røssland. Foto: Helge Sunde.
Over 420 kampar er spelt. Utallige fotballsko er nedslitt. X antall kilometer i minibuss er tilbakelagt. Over 1000 historiar frå nært og fjernt har blitt fortalt (dei fleste med 18-års aldersgrense). Han har sett lagkameratar kome og gått. Han har blitt verande. Men no er det slutt. Ein legende legger opp. Roger Røssland.
21.10.2016
Dårleg førebuing
Flott scoring av Mathias.
G16: Trio4-Odda 1-8. Vi får ein dårleg inngang til kampen (det Høgmo meiner er så viktig) når tre mann kjem utan drakta si og to dukkar opp ein halvtime for seint. Det resulterte i dårleg førebuing, endringar i startoppstilling og at vi raskt kom bakpå i målprotokollen. Vi hevar oss etter kvart og viser i periodar at vi kan yppe oss, sjølv mot sterke lag som Odda, som har sine beste spelarar her i 3.divisjon no i haust.
21.10.2016
Kanon sesongavslutning av G14/15
Avslutta sesongen med strålande kamp og 6-0 mot Avaldsnes
G15: Trio - Avaldsnes 6-0. Premissane for Trio sin siste kamp i G15 var veldig klare. Vant serieleiar Avaldsnes på Husnes ville dei stikka av med puljesigeren føre Åkra. Trio på si side ville sikre 3. plassen i pulja med siger, samtidig som ein ville sikre siger i ein meir uformell haust tabell. Gutane varte opp med kalasfotball og sendte karmøyværingane heim med 0-6 i bagasjen, etter 3 baklengs i kvar omgang, dei fleste av dei av den fine sorten. 
18.10.2016
Trio/Halsnøy G16
Etter å ha spelt 3 skuffande kampar, så viste Trio/Halsnøy G16 igjen kva som bur i laget, når dei møtte sterke Fyllingsdalen på Varden Amfi fredag. 2-2 skal Fyllingsdalen vera mest letta over.
18.10.2016
Uttak til sonetreningar 2016
Trio kan sende inntil 5 gutter og 5 jenter  til sonetreninger for jenter og gutar fødd i 2004 med Hordaland Fotballkrets i haust. Vi har 2 gutelag i denne årsklassen. 1 på Husnes og 1 på Sunde/Valen. Sidan trenarane på dei respektive lagene meinte det var fleire som var aktuelle for dette, valgte vi å avvikle ei uttakstrening for alle på Kvednabekkjen på søndag, leia av Eivind Nissestad.
17.10.2016
Vi inviterer til Triofest
 
Fotballgruppa har lyst å gjera stas på alle som har bidrege i løpet av årets sesong. Og inviterer difor til Triofest i Triohuset laurdag 5. november. Invitasjon kjem med meir informasjon kjem seinare.
 
17.10.2016
Invitasjon: Varden opp på Sandvoll
 
Varden opp (525 moh) på Sandvoll laurdag 22.10.2016. Det blir start på Skarveland skule på Sandvoll kl 10.00-12.00 for familie og trimklassen. Klokka 12.00 for aktive på tid, damer og menn.

17.10.2016
Miniputtcup i Rosendal 23.10.2016
 
På søndag går årets siste turnering for miniputtane av stabelen i Rosendal. Vedlagt kampoppsett.
17.10.2016
  Forrige
Neste  
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart