Bronsemedalje til Trio J15 i Sør Cup!  J15 sikra bronse i Sør Cup etter siger på straffar mot Asker Sør Cup 2019, Bronsefinale J15, Trio - Asker Sort 1-1 (0-1), 4-2 på straffer.
Vi var spente på kor mykje semifinale hadde kosta både fysisk og mentalt før kampen om bronsen. Dette viste seg å vera heilt uberettiga, jentene var 'oppe igjen' etter ein litt 'under pari' kamp dagen før og var overlegne i bronsefinalen. I målprotokollen var det likevel likt etter 2x25 pluss 2x5 min og det heile måtte avgjerast på straffespark. Her var vi heldigvis skarpe og vann relativt klart 4-2. Dermed flott pokal og fortente bronsemedaljar etter ein meget bra gjennomført cup av laget.
27.06.2019 |
Tap i semifinalen for J15, bronsefinale i morgon  Trio jentene måtte tirsdag sjå seg slått i semifinalen i Sør Cup etter ein jevn kamp mot Hei IL Sør Cup 2019, semifinale J15: Trio - Hei 0-2 (0-1).
Trio jentene hadde fryktelig lyst til å spela finale på Sør Arena, kanskje litt for lyst, for i semifinalen mot Telemarks laget Hei IL så kom ikkje jentene opp på sitt beste nivå og tapte til slutt 0-2. Vi hadde sjansar nok, men marginar og dommaravgjersle var heller ikkje heilt med oss i dag.
25.06.2019 |
Siste før ferien  Trio damelag sesongen 2019. Foto: Carina Wangensten. 5.divisjon kvinner: Sædalen/Kalandseid-Trio 0-0. Damelaget avslutta vårsesongen med ein bortekamp der troppen bar litt preg av at fleire var reist på ferie og cup, samt anna fråver. Men like fullt, 14 damer på tur og ingen problem med å stille lag.
23.06.2019 |
Dramatisk og spennande på Sør Arena då J15 sikra semifinale i A-sluttspel i Sør Cup  J15 jublar på Sør Arena etter å ha sikra A-sluttspel J15, Sør Cup, dag 2;
Jentene hadde 2 relativt tette kampar på sjølvaste Sparebanken Sør Arena søndag. Jevnt, spennande og dramatisk då jentene 20 sekund før slutt sikra seg billett til A-sluttspel og semifinale tirsdag.
23.06.2019 |
Festdag på Husnes stadion  Brørne Christoffer og Filip Lauritzen er garantistar for god stemning. Alle foto: Are Ulseth og Kari Røstbø. Sist søndag arrangerte friidrettsgruppa i lag med Lionsklubbane dei årvisse Løveleikene, eit friidrettsstemne for utviklingshemma. 41 deltakarar frå Kvinnherad og Stord deltok og det var topp stemning og mykje idrettsglede. Her er nokre bileter frå moroa.
22.06.2019 |
J15 med full pott etter dag 1 av Sør Cup!  J15 kan jubla etter 2 sigrar og full pott på dag 1 av Sør Cup Sør Cup, 2019:Trio sitt J15 har unnagjort 2 av 4 kampar i puljespelet i årets Sør Cup. Det har dei gjort med bravur med 13-1 siger mot Kvelde IL og 5-0 mot Vindbjart. I morgon ventar 2 kampar på sjølvaste Sparebanken Sør Arena som vil avgjera om det vert A- eller B-sluttspel for jentene.
22.06.2019 |
Trio J15 til Sør Cup til helga  J15 deltar på Sør Cup frå lørdag 22/6 Trio sitt 15-års lag for jenter har valgt Sør Cup deltaking i år. Etter Haugesund og Regy Cup som 13-åringar og Bø Sommarland Cup i fjor som J14, går turen i år til Kristiansand. Her får ein kombinert spel på banar av svært høg standard, med sosialt samvær i forhåpentlig fint sørlandsvær.
19.06.2019 |
Klubben treng kjøkken-hjelp på Fotball skulen! Neste veke arrangerer Trio den tradisjonsrike fotballskulen. Dette er nok eit dugnadsløft for klubben som gjev eit godt aktivitetstilbod til ungane like etter skuleslutt.
19.06.2019 |
Gode resultat for Trio symjarar under årets ADO cup Flinke og blide Trio symjarar med gode resultat under årets ADO cup, i bilete ser du nede frå venstre: Turid Helen Vigrestad og Adalheidur Sæunn Sigthorsdottir. Oppe frå venstre sit Ellen Marie Vigrestad, Sigri Myklebust Lekva og Andri Sigthorsson
18.06.2019 |
Fotballskulen 2019 fullbooka TINE fotballskule er no fullbooka. Den går av stabelen måndag til onsdag i neste veke.
17.06.2019 |