Klubbkveld med 25% rabatt Som tidlegare annonsert vert det klubbkveld hjå Sport1 tirsdag 23.april. Denne kvelden får alle medlemmer i IL Trio 25 % rabatt på alle varer i butikken ( med unntak av Real turmat og sportselektronikk). Møt opp for sosialt samkome og ein god handel.
22.04.2019 |
Damekamp måndag kl 16 I morgon (2.påskedag) spelar Trio sitt damelag sin første heimekamp på 12 år. Loddefjord er motstandar. Møt fram og støtt laget på Kvednabekkjen kl 16. Flott påskever, og kaffi og vafler i kiosken.
21.04.2019 |
Klubbkveld Sport1 Husnes inviterer alle medlemmer til klubbkveld på Husnes Storsenter tirsdag 23. april kl. 19.30-22.00. Rabatten som vil gjelde blir annonsert påskeaften. Me ønsker våre medlemmer velkommen til ein hyggelig handel med gode priser.
17.04.2019 |
Stor pengegåve frå Sparebank1-Stiftinga! Sparebank1-Stiftinga delte onsdag kveld ut pengar til lag og organisasjonar. IL Trio fotballgruppa vart tildelt 650 000,- kroner til nytt kunstgrasdekke på Kvednabekkjen. Me er utruleg takksame og vil retta ei stor takk til stiftinga for den kjærkomne gåva. Ann Helen Høivik Skogseth mottok gåvesjekken på vegne av IL Trio.
11.04.2019 |
Friidrettsaktiviteter våren 2019 Her er ei oversikt over friidrettsgruppa sine stemner og arrangement, pluss nokre faste postar frå naboklubbane.
07.04.2019 |
Friidrettsaktiviteter våren 2019 Her er ei oversikt over friidrettsgruppa sine stemner og arrangement, pluss nokre faste postar frå naboklubbane.
07.04.2019 |
A jour Treningskamp G13: Trio 2 (Husnes) - Trio 1 (Valen) 1-2. Valegutane fekk revansje i målprotokollen etter at vi slo dei på Zinken cup i Odda for to veker sidan. Begge kampar var jamnspelte og denne gongen vippa det i favør Trio 1.
07.04.2019 |
Full sal på dommarkurs Torsdag arrangerte vi klubbdommarkurs på Triohuset, og det med heile 41 deltakarar. Kurshaldar Oddvar Eikenes leia dei stødig gjennom reglane i barnefotballen.
05.04.2019 |
Friidrett: Utesesongen i anmarsj Oppstart for friidrettsesongen utendørs er i anmarsj. Ådne drar til Knarvik lørdag for å delta i kast 5-kamp.
04.04.2019 |
Litt juling Treningskamp Trio G13-Trio G14. Vi på G13 hadde ein oppløftande treningskamp mot dei eitt år eldre gutane for to veker sidan. Vår klasse er 9arfotball, men vi hausta erfaring i spel på full bane og meistra det overraskande bra og klarte langt meir enn venta å stå i mot motstandaren sitt press. I går vart det langt tøffare.
30.03.2019 |