J15 med storsiger mot Nord  Storsiger for J15 mot Nord J15, 1. div Rogaland, Trio - Nord 8-0 (6-0).
Ein bra første omgang av jentene la grunnlaget for ein klar siger mot gultrøyene fra Nord. Andre omgang blei som den ofte blir med 6-0 til pause, svakare. Den blei og prega av ein kne-skade på Emma, vår andre skade på ei veke.
01.05.2019 |
Intern serieduell G13: Trio2-Trio3 2-8. Vi har i år tre lag i same serie i G13-klassen. Medan valegutane utgjer Trio1, er det vi på Husnesgjengen som bemannar lag 2 og 3. I dag var det intern duell, og vi hadde lånt med 5 stk frå G12 for å vera nok. Det trengtest, for vi fekk nokre fråver.
30.04.2019 |
Triostafetten 2019: Tidsplan og info Onsdag (1.mai) kl 17 brakar Triostafetten laus. Påmeldinga ser veldig bra ut, vi har 46 deltakande lag, så stafetten er vel så stor som i fjor. Her er viktig og nyttig informasjon, samt tidsplan for arrangementet.
30.04.2019 |
Bortesiger for damene  Trio damelag sesongen 2019. Foto: Carina Wangensten. 5.div damer: Eidsvåg-Trio 1-3 (0-2). Triodamene tok ein solid siger borte mot Eidsvåg søndag ettermiddag. Kjekt med ein stor stall, for sjølv med ein del fråver, var det ingen problem å få full buss, med Rune Høydal bak rattet. Trio gjekk friskt ut og tok ei tidleg leiing, som dei aldri gav frå seg.
28.04.2019 |
Invitasjon: Triostafetten 2019 Onsdag 1.mai arrangerer Trio den årvisse Triostafetten i Husnes idrettspark. Vi oppmodar flest mogleg om å hive seg med og delta. Vi har klassar for både barn, ungdom og vaksne, og eigen mix-klasse for dei som er med mest for moro.
28.04.2019 |
Litt for slapt  For ein gjeng... Trio G13-2 og -3 sesongen 2019. Her manglar kun ein sjuk William Heggøy. Bak frå venstre Mathias Veastad, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Mohammed Aljajan, Abdisalan Zekeriye, Martin Fjeldstad Smith, Andre Nordøy, Gunnar Eikemo Steine, Mohammed Zekeriye. Framme frå venstre Vegar Seljelid Joleik, Brage Kvandal, Noah Smith, Michael Løland, Håkon Georg Røssland, Elias Ulbi, Jonas Hjelmeland Naterstad. G13: Trio3-Rubbestadneset 2-6. Vi har litt utfordringar med å skjøne at dei fleste fotballkampar avgjerast av arbeidsinnsats. Dei som spring mest og vinn flest duellar, vinn som regel i kampen. Det var dagens dyst mot Rubben eit godt døme på. Hadde vi bretta opp ermene litt meir og sprunge meir, så skulle vi absolutt vore på talefot.
25.04.2019 |
Friidrett: Resultater frå seriestemne 25.april I går arrangerte friidrettsgruppa seriestemne på Husnes stadion. 22 deltakarar konkurrerte i kule, lengde og 60 meter, samt nokre også i diskos og slegge. Verdt å merke seg at Ådne Olsen braut 40-grensa i slegge med eit kjempekast. Vedlagt er resultatliste.
25.04.2019 |
Årsbeste av J15 sikra solid 4-0 siger mot Sveio  Nøgde jenter på Trio J15 etter at årets første siger er i boks! J15, 1. div Rogaland, Sveio - Trio 0-4 (0-1).
Det var eit heiltent Trio-lag som onsdag tok turen til Sveio i jakta på årets første 3-poengar. Når det i tillegg kjem etter strålande spel, var det berre å sikta bilane inn på McDonalds på Heiane for å feira ein svært god prestasjon.
24.04.2019 |
Skjebnens ironi  Fjorårets lagbilete av Husnesgjengen. Årets foto kjem på torsdag. Nye drakter med ny sponsor! G13: Trio 1 (Valen) - Trio 2 (Husnes) 3-4. Valegutane er normalt sterke på daudballar, så også i dag, då vi gong på gong sleit med Trym sine herlege servar og vår eigen motvilje til å dekke i feltet. Det kosta oss også to baklengs før pause. Som ved ein skjebnens ironi var det akkurat på corner vi avgjorde kampen, då Abdisalan steig til vers og skalla ballen kontrollert stang inn. Ein heldig siger for vår del, for i dag var spelet ikkje så mykje å skrive heim om.
23.04.2019 |
Poengdeling for damelaget  Triodamene hadde heile 22 spelarar tilgjengeleg til første heimekamp på 12 år. Foto: Carina Wangensten. 5.divisjon damer: Trio-Loddefjord2 1-1. Bortelaget kom med ein tynn stall, men dei var gode dei som kom. For vår del er stallen alt anna enn tynn. Heile 22 spelarar hadde meldt seg klare til kamp. Dermed måtte diverre 4 sjå kampen frå tribuna. I lag med særs mange andre, vi kunne notere om lag 80 tilskodarar.
22.04.2019 |