Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Historikk
Styret
Politiattest
Anlegg
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Trio-historia

Sjølv om idretten i landet vårt hadde vore organisert gjennom Norges Idrettsforbund, stifta i 1861, var det ikkje før i 1940-åra at det kom idrettslag på Husnes, Sunde og Valen. På eit møte i Friheim i januar 1946 (27/1) slo dei 64 frammøtte frå dei 3 laga seg saman og skipa IL Trio, med grupper for fotball, friidrett, handball og vinteridrett.

 

Valen sjukehus sin idrettsplass sto ferdig i 1950 og Valen nye skule med gymsal i 1957 medførte betre forhold. Då Sunde nye skule sto ferdig i 1964, fekk laget turngruppe. Sidan vart det også symjegruppe, då Husnes ungdomsskule vart teken i bruk i 1970. Volleyballgruppa kom i 1974. Ein draum vart røyndom då Husnes idrettspark vart opna i 1975 og Husneshallen i 1991. (red.anm: Hausten 2005 realiserast ein ny draum, når Kvednabekkjen kunstgrasbane venteleg står ferdig. Pr dato er elles handballen etablert i eigen klubb, Kvinnherad HK.)

 

Laget sitt arbeid for born og unge tok til i 60-åra. Dei fleste familier i dei 3 bygdene har hatt tilknyting og kontakt med laget, gjennom idrett og arbeid for laget – og gjennom lagsbladet Kontakt, som har kome ut årleg sidan 1969. Auke i folketalet, utvikling av skuletilbod og næringsliv etter at Sør-Al starta produksjonen i 1965, har prega lagsarbeidet. Triohuset sto ferdig i 1985 og Tribunehuset, reist av Fotballens venner i 2000, vitnar om stor velvilje og dugnadsinnsats.

 

Betre tilhøve har gjort at IL Trio i desse året har kunna ta på seg tilskipingar, der dei største har vore:

1975: fotballkamp U-landslaget-Viking, ved opninga av Husnes idrettspark

1976: KM friidrett senior

1981: Barnekretsturnstemne

1983: Vaksenkretsturnstemne, KM friidrett gutar og jenter

1992: Landskamp volleyball kvinner, Noreg-Latvia

1994: Nordisk meisterskap friidrett, kvinner junior

1999: Sommaridrettsleikene

 

(Redigert utdrag frå årsmelding for IL Trio 1999, v/ leiar Tjerand Lunde.)

Siste nyhende om historikk

17.02.2010 Opprykk for 32 år sidan

03.01.2010 Opning av ny bane på Valen i 1950

02.01.2010 15-årsjubileum i 1961

01.01.2010 Trio sin første cupsiger (1968)

30.12.2009 Det var andre (Trio-)tider det (av Olav Teigen)

28.06.2007 Bileter frå gamle dagar (damelaget)

04.06.2007 Trio sitt første damelag

30.05.2007 Lillejenter-89 

26.04.2007 Nostalgi frå 1990

17.12.2006 Trio i opprykkskvalik

13.12.2006 Opninga av grasbanen i 1975

10.11.2005 Trio Lillejenter 1987

21.09.2005 Nye sko med valegrus

14.07.2005 Nostalgi: Krinsmeistrar for 40 år sidan

 

 
 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart