God stemning i Husneshallen  Trio Husnes G11 stilte to lag i cupen. Foto: Christer Pedersen. 17 lag i alderen 10-12 år braka i hop til vinterens tredje innecup i Husneshallen. 10 av laga var frå Trio, dei øvrige frå andre klubbar i kommunen. Ein kjekk dag med topp innsats, flotte mål og mykje fin angrepsfotball.
10.03.2019 |
Søndag 10.mars: Trio Cup for 10-12 år Søndag om ei veke er det ny fotballdag i Husneshallen. Då er det dei eldste laga i barnefotballen som skal i aksjon. Vedlagt er kampoppsett.
03.03.2019 |
Streaming frå UM i friidrett  Startliste i kule for gutar 15 år. I helga går UM i friidrett innandørs av stabelen i Ulsteinvik, arrangert av Dimna IL (mest kjent som klubben til (Karsten Warholm). 118 klubbar frå heile landet er representert. Ådne Olsen (15) frå Trio er kvalifisert til å delta i kule. Den øvinga går av stabelen fredag kveld frå kl 18, og du kan sjå det live på linken under.
01.03.2019 |
Sterk siger i treningskamp av J15 mot Rosendal  J15 starta utesesongen med siger J15: Trio - Rosendal 4-0, 3x25min med omgangsresultat 1-0, 1-0, 2-0. To svært habile J15-lag møttes til årets første 11ar kamp. Rosendal som 1. divisjonslag i Hordaland i fjor haust og i år og forsterka med 6 jenter frå Uskedal før årets sesong. Heile 21 jenter var dei i dag. Trio jentene for andre året i 1. divisjon Rogaland, i år med ein elitedivisjon over. Trio var det beste laget i dag og vann til slutt komfortabelt 4-0 etter ein solid gjennomført kamp av laget. Spesielt imponerte jentene med svært god defensiv struktur og slapp til svært lite bakover.
21.02.2019 |
Til topps i Pingvinlekene Innendørs stevne i Leikvanghallen i Bergen. Over 800 påmeldte og 2000 starter. Ådne Bertin Olsen fikk 1. plass i kule, lengste støt med 11.96 m. Hadde to lengre støt, men like utenfor sektor. Han nærmer seg med det 12-meteren, som også er UM-kravet.
18.02.2019 |
Årsmøte i IL Trio 2018 IL Trio (hovudlaget) kallar med dette inn til årsmøte for 2018 på Triohuset torsdag 21. februar kl 18. Vanlege årsmøtesaker. Vedlagt er årsmelding.
13.02.2019 |
Kjekk cupdag for G13 Småtassane på Husnes 2006 har altså utruleg nok teke steget over i ungdomsfotballen og første møte med poeng, tabellar og sluttspel kom i dagens Trio Cup i Husneshallen. Det var 11 påmeldte lag i G13-klassen og med alle våre 16 gutar på plass mønstra vi tre av dei.
10.02.2019 |
Kampoppsett Trio Cup 2019 Neste helg er det Trio Cup 13-16 åringar i Husneshallen. Innefotball frå tidleg til seint begge dagar. Laurdag skal dei eldste i aksjon, dagen etter er det 13-14-åringane. Vedlagt er kampoppsett.
03.02.2019 |
Årsmøte i Fotballgruppa. Det vert halde Årsmøte i fotballgruppa den 5. februar kl.19.00 på Triohuset. Årsmøtesaker/forslag må leverast innan 01.02.
Med vennleg helsing styret i fotballgruppa
22.01.2019 |
I gang med innesesongen  Førsteplass i kule for Ådne. Julian på bronseplass. Innesesongen for friidrett er igang. Rekordpåmelding med over 550 påmeldte deltakere i Norna-lekene i Bergen sist helg. Ådne Olsen deltok frå Trio og sette personleg rekord i to av tre øvingar. Her ein kort rapport frå trenar Raymond.
21.01.2019 |